Emner: SPLA203 Fordypning i latinamerikansk kulturkunnskap - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Spansk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

SPLA203 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk kulturkunnskap på 15 studiepoeng. Tema kan variera frå semester til semester. Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis.

Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit emne frå latinamerikansk kulturkunnskap, t.d. ein periode, eit land, eit tema. Ein kan henta emnet i eit tekstutval frå perioden 1492 og fram til vår eiga tid. Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.

Læringsutbyte

Etter å ha greidd emnet skal studenten:

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og baserer seg på spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.

Tilrådde forkunnskapar

SPLA203 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA103.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studietilbodet inneheld både førelesingar, diskusjons- og skriveseminar. Undervisninga går saman med SPLA253. Tal på førelesingar er to timar i veka i 12 veker. Det blir dessutan gitt seminar to timar i veka i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Ein 6-timars skriftleg skoleeksamen. Ein skal svara på eksamen på spansk. Ved karakterfastsetjinga blir både den språklege dugleiken og det faglege innhaldet vurderte.

Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på alle eksamensdagane. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

SPLA253 (100 %), SLAN642

Litteraturliste

Pensum (om lag 800 sider) skal innehalda utvalde historiske kjeldetekstar og vitskaplege artiklar/essays og oversynsverk knytte til desse. Det kan i særskilte høve bli gitt løyve til å leggja opp pensum frå tidlegare semester, men då berre etter grunngjeven søknad ved semesterstart. Kontakt Institutt for framandspråk.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no