Emner: SPLA252 Fordypning i latinamerikansk litteratur med bacheloroppgave - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Spansk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

SPLA252 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk litteratur på 15 studiepoeng. Tema for undervisninga vil variera frå semester til semester.

Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit tema frå latinamerikansk litteratur, t.d. ein periode, ein genre, eit tema, ein nasjonallitteratur eller liknande. Ein kan henta temaet i tekstutval frå 1492 og fram til vår eiga tid.

Studentane skal ha brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innafor eit avgrensa område. Dei skal kunna arbeida sjølvstendig med problemstillingar på grunnlag av faglege kunnskapar.

Studentane skal kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte.

Læringsutbyte

Etter å ha greidd emnet skal studenten:

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og baserer seg på spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.

Tilrådde forkunnskapar

SPLA252 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA102.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er organisert som seminar og går over 12 veker, med 4 undervisningstimar i veka. Undervisninga går saman med undervisninga på SPLA202. I tillegg kjem individuell rettleiing i samband med utarbeiding av oppgåve.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Den rettleidde oppgåva som blir omtala under Vurderingsformer skal leverast til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halda seg informerte om desse. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtala tidspunkt. Det blir sett opp to rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar. Rettleiing per e-post/tlf. blir normalt ikkje gitt. 

Vurderingsformer

Ei rettleidd bacheloroppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vera på om lag 12 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Munnleg eksamen er ein samtale på spansk om pensum, der òg oppgåva kan trekkjast inn.

To studentar kan velja å gå saman om å skriva éi oppgåve, og oppgåva skal i så fall vera på minst 15 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Det blir gitt ein felles karakter på oppgåva, men studentane får individuell munnleg eksamen.

Den rettleidde oppgåva og den munnlege delen av eksamen tel båe 50 prosent. Stryk i ein av desse delane fører til stryk i SPLA252. Båe eksamensdelane må vere greidde i same semester.

Vurderingsforma rettleidd bacheloroppgåve med munnleg eksamen fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad. Dei som vel to av spanskemna på 200-nivå, kan maksimalt velja eitt av oppgåveemna med 250-kode i same semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

SPLA202 (100 %), SLAN641

Litteraturliste

Pensum (om lag 800 sider) skal innehalda utvalde skjønnlitterære verk, og dessutan litteraturvitskaplege og -historiske tekstar knytte til desse.

Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Det kan i særskilte høve bli gitt løyve til å leggja opp pensum frå tidlegare semester, men då berre etter grunngjeven søknad ved semesterstart. Kontakt Institutt for framandspråk.

Pensumutvalet har så langt det er råd ei nokolunde lik fordeling mellom kvinnelege og mannlege forfattarar. 

 

 

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no