Emner: SPLA253 Fordypning i latinamerikansk kulturkunnskap med bacheloroppgave - Vår 2014
Studiepoeng
15.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Spansk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
SPLA253 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk kulturkunnskap på 15 studiepoeng. Tema kan variera frå semester til semester. Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis.
Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit emne frå latinamerikansk kulturkunnskap, t.d. ein periode, eit land, eit tema. Ein kan henta emnet i eit tekstutval frå perioden 1492 og fram til vår eiga tid. Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.
Læringsutbyte
Etter å ha greidd emnet skal studenten:- ha oppnådd utdjupande kunnskap om eit emne innan latinamerikansk kulturkunnskap
- ha forståing for korleis det aktuelle emnet pregar den latinamerikanske røynda
- kunna gjera greie for korleis det aktuelle emnet heng saman med sentrale trekk i latinamerikansk historie og kulturkunnskap
- kunna bruka relevante analyseverktøy for å tolka ulike problemstillingar innan latinamerikansk kulturkunnskap
- ha utvikla den språklege kompetansen sin, særlig med omsyn til å tolka ulike spanske tekstar
- i bacheloroppgåva kunna demonstrera kunnskap og evne til fagleg drøfting i skriftlege arbeid på eit klart og korrekt spansk språk med rett bruk av referansar og litteraturliste
- ha kompetanse til å halda fram med eit masterprogram i latinamerikansk kulturkunnskap (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og baserer seg på spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.
Tilrådde forkunnskapar
SPLA253 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA103.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Studietilbodet inneheld både førelesingar, diskusjons- og skriveseminar. Undervisninga går saman med SPLA203. Tal på førelesingar er to timar i veka i 12 veker. Det blir dessutan gitt seminar to timar i veka i 12 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Den rettleidde oppgåva som blir omtala under Vurderingsformer skal leverast til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halda seg informerte om desse.
Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtala tidspunkt. Det blir sett opp to rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar. Rettleiing per e-post/tlf. blir normalt ikkje gitt.
Vurderingsformer
Ei rettleidd oppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vere på om lag 12 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Munnleg eksamen er ein samtale på spansk om pensum, der òg oppgåva kan trekkjast inn.
To studentar kan velja å gå saman om å skriva éi oppgåve, og oppgåva skal i så fall vera på 15 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Det blir gitt ein felles karakter på oppgåva, men studentane får individuell munnleg eksamen.
Den rettleidde oppgåva og den munnlege delen av eksamen tel båe 50 prosent. Stryk i ein av desse delane fører til stryk i SPLA253. Båe eksamensdelane må vera greidde i same semester.
Vurderingsforma rettleidd oppgåve med munnleg eksamen fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad. Dei som vel to av spanskemna på 200-nivå, kan maksimalt velja eitt av oppgåveemna med 250-kode i same semester.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Fagleg overlapp
SPLA203 (100 %), SLAN642
Litteraturliste
Pensum (om lag 800 sider) skal innehalda utvalde historiske kjeldetekstar og vitskaplege artiklar/essays og oversynsverk knytte til desse. Det kan i særskilte høve bli gitt løyve til å leggja opp pensum frå tidlegare semester, men då berre etter grunngjeven søknad ved semesterstart. Kontakt Institutt for framandspråk.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no