Studentane skriv ei rettleidd oppgåve (essay) på 15-20 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) på spansk, pluss innhaldsliste og bibliografi. Tema for oppgåva blir godkjent av faglærar og vurdert av ein eksamenskommisjon i slutten av semesteret (skal leverast i tre eksemplar).
To studentar kan velja å gå saman om å skriva éi oppgåve, og oppgåva skal i så fall vere på 20-25 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Det blir gitt ein sams karakter på oppgåva. Studentane skal i løpet av masterstudiet ha skrive minimum ei av dei rettleidde oppgåvene på SPLA301, SPLA302 og SPLA303 individuelt.
Det samla pensumet er på om lag 500 sider og skal femna om relevant og teoretisk fundert lingvistikk.
Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet. I undervisningsfrie semester gjeld opplegget frå semesteret før som standardpensum.