Emner: SPLA303 Latinamerikansk historie - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Spansk 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

SPLA303 er eit fordjupingsemne i spanskamerikansk historie på 15 studiepoeng. Det femner om seminardeltaking og sjølvstendig arbeid med eit historisk problemområde.

Læringsutbyte

Studentane skal utvikla ei kritisk og sjølvstendig haldning til analyse av problemstillingar i spanskamerikansk historie og kultur, og leggja til rette for vidare fordjuping innanfor fagfeltet. Studentane skal kunna formulera problemstillingar for, planlegga og gjennomføra forskings- og utviklingsoppgåver, samt ha kunnskap om forskingsfronten på sitt fagområde.

Dei skal kunna delta i debattar innafor sitt fagområde i internasjonale fora.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i Spansk språk og latinamerikastudium.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle masterstudentar i spansk språk og latinamerikastudium ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Tema for undervisninga kan variera frå semester til semester. Undervisninga er samansett av førelesing og/eller seminar og individuell rettleiing knytt til ei oppgåve. Førelesingane/seminara kan anten bli gitt som fire timar i veka i tolv veker eller i større undervisningsbolkar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levera to utkast av oppgåva til rettleiing og å møta til rettleiing to gonger i løpet av semesteret. Rettleiing per epost vil berre bli gitt i heilt særskilde høve, og då etter godkjenning av søknad til instituttet. Fristane for innlevering av utkasta blir kunngjorde i samband med førelesinga/seminaret.  

Det obligatoriske arbeidskravet er gyldig i eitt semester etter det undervisningssemesteret det er godkjent. 

Vurderingsformer

Studentane skriv ei rettleidd oppgåve (essay) på 15-20 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) på spansk, pluss bibliografi. Tema for oppgåva blir godkjent av faglærar, og vurdert av ein eksamenskommisjon i slutten av semesteret (skal leverast i tre eksemplar).

 

To studentar kan velja å gå saman om å skriva éi oppgåve, og oppgåva skal i så fall vere på 20-25 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Det blir gitt ein sams karakter på oppgåva. Studentane skal i løpet av masterstudiet ha skrive minimum ei av dei rettleidde oppgåvene på SPLA301, SPLA302 og SPLA303 individuelt.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum (om lag 800 sider) skal innehalde historiske kjeldetekstar og fagleg relevant sekundærlitteratur.

Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet. I undervisningsfrie semester gjeld opplegget frå semesteret før som standardpensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no