Emner: SPLA304 Spansk: Forberedelse til mastergradsoppgaven - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Spansk 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

SPLA304 skal fungera som eit forstudium til masteroppgåva, og blir normalt lagt til første semester av masterstudiet. Føremålet med emnet er å gi studenten eit solid fagleg utgangspunkt for skrivinga av ei skisse for ei masteroppgåve. Det er eit mål at temaet for prosjektskissa skal vere knytt til det seinare arbeidet med masteroppgåva, men prosjektskissa er likevel ikkje bindande i høve til tema for masteroppgåva.

 

Tildeling av rettleiar skjer på bakgrunn av ressursane på faget. Det er òg mogleg for studenten å byte tema undervegs. Ved byte av rettleiar skal ny rettleiingskontrakt underteiknast.

 

Emnet er obligatorisk i mastergraden i spansk språk og latinamerikastudium. 

 

Læringsutbyte

Ved fullført kurs har studentane relevant kompetanse innan emnet sin metode. Vidare har studentane dugleik i oppsett av prosjektskisse, og dei har blitt trena i å gjera seg opp meiningar om utfordringane ved ulike metodar.

Studentane skal kunna formulera problemstillingar, planleggja og gjennomføra forskings- og utviklingsoppgåver. Dei skal kunna delta i debattar innafor sitt fagområde i internasjonale fora.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i Spansk språk og latinamerikastudium.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle masterstudentar i spansk språk og latinamerikastudium ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga startar med eit introduksjonsseminar som går over to dagar (fem timar kvar dag). Her vil ein presentera disiplinane i faget og fagtradisjonane deira. Attåt den innleiande delen blir det i den grad det er mogleg eller ønskjeleg gitt seminarundervisning, om lag to timar i veka i fem veker, som er ope for alle masterstudentar. Innafor rammene av dette seminaret, og i samråd med rettleiar, skal studentar på SPLA304 utarbeida ei prosjektskisse for masteroppgåva. Det vil òg vere tilbod om grupperettleiing, om lag to timar i veka i 12 veker.  

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte på introduksjonsseminaret for nye studentar er obligatorisk.

I samband med utarbeidinga av prosjektskissa held studentane eit obligatorisk seminarinnlegg.

Dei obligatoriske aktivitetane må vere godkjende for at ein skal kunna levera prosjektskissa til vurdering.  

Det obligatoriske arbeidskravet er gyldig i eitt semester etter det undervisningssemesteret det er godkjent.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er rettleidd oppgåve. Studenten leverer ved slutten av semesteret ei prosjektskisse på om lag 10 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) til vurdering.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen greidd/ikkje greidd  

 

Litteraturliste

Læring skjer først og fremst gjennom deltaking på seminara. Pensum blir lagt opp på seminar i samråd med faglærar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no