Emnet kan innehalda fylgjande komponentar:
- Spansk språk som studiemål (innleiing)
- Metodar i spansk dialektologi
- Metodar i spansk sosiolingvistikk
- Spansk i kontakt med andre språk
- Spansk språk og kultur
- Nye trendar innan spansk lingvistikk
- Korpuslingvistikk
- Munnleg språk
Arbeidet med diverse metodar innanfor spansk lingvistikk skal gje studentane større innsikt og dugleik i moderne spansk språkvitskap.
Analyse av arbeid skrivne om spansk språkvitskap (spanske dialektar, lingvistiske atlas, sosiolingvistikk, etnolingvistikk, språkkontakt m m) skal gje studentane eit kritisk syn og utdjuping i forskingsarbeidet med spansk språk.
Studentane skal skriva tre oppgåver i løpet av semesteret. I arbeidet med oppgåvene skal studentane læra seg å bruka emnet sine teoriar og metodar i sjølvvalde empiriske forskingsprosjekt i samband med dei ulike tema i undervisninga. Tema for oppgåvene må godkjennast av faglærar og blir vurdert som mappe av ein eksamenskommisjon i slutten av semesteret.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i berre i undervisningssemesteret.
Mappevurdering. Det blir arrangert eksamen berre i undervisningssemesteret.
Dei tre oppgåvene som er nemnde under arbeidskrav skal leverast til endeleg vurdering. Oppgåvene skal vera på ca. 1500 ord kvar. Kvar oppgåve tel 1/3 av den samla karakteren. Mappa får ein samla karakter som blir sett på grunnlag av både innhald og språk.
Ca. 500 sider henta frå diverse arbeid i spansk språkvitskap frå ca. 1950 til i dag.
Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet. I undervisningsfrie semester gjeld opplegget frå semesteret før som standardpensum.