Innanfor undervisningsperioden skal studentane halda to munnlege presentasjonar relaterte til pensum. Val av tema skjer i samråd med faglærar, og målet er at studentane skal få øving både i å presentera og i å bruka utvalde teoriar på litterært tekstmateriale. Arbeidskrava må vera godkjende av faglærar før studentane kan gå opp til endeleg eksamen.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i eitt semester etter undervisningssemesteret.
Eit pensum på 350-400 sider inneheld litteraturteori og eit mindre utval litterære tekstar for å syna praktisk bruk av teori og metode.
Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet. I undervisningsfrie semester gjeld opplegget frå semesteret før som standardpensum.