Emner: SPLA312 Teori og metode i latinamerikansk litteraturvitenskap - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningsspråk

Spansk 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

SPLA312 er eit innføringsemne på 10 studiepoeng i litterær teori og metode med relevans for studiet av latinamerikansk litteratur. Det vert gjeve ei innføring i litteraturteoretiske grunnlagsproblem og arbeidd med eit utval moderne litteraturteoretiske retningar. 

Det vert òg gjeve ei innføring i korleis ein kan skrive ei prosjektskisse, kva som kan vere aktuelle tema for masteroppgåva og om aktuelle rettleiarar. Ca to timar er sett av til dette.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir gjeve seminarundervisning to timar i veka i tolv veker, der det er ein føresetnad ar studentane deltek aktivt gjennom semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innanfor undervisningsperioden skal studentane halda to munnlege presentasjonar relaterte til pensum. Val av tema skjer i samråd med faglærar, og målet er at studentane skal få øving både i å presentera og i å bruka utvalde teoriar på litterært tekstmateriale. Arbeidskrava må vera godkjende av faglærar før studentane kan gå opp til endeleg eksamen.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i eitt semester etter undervisningssemesteret. 

Vurderingsformer

Vurderinga skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen. På den munnlege eksamenen skal studenten først halda ein presentasjon på 20-30 minuttar over eit tema som vert gjeve av faglærar 14 dagar før eksamen. I etterkant av presentasjonen vil studenten og sensorane samtala om innhaldet i presentasjonen og eventuelt andre relevante tema knytte til dette. Karakteren vert sett på grunnlag av både presentasjonen og samtalen i etterkant.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Eit pensum på 350-400 sider inneheld litteraturteori og eit mindre utval litterære tekstar for å syna praktisk bruk av teori og metode.

Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet. I undervisningsfrie semester gjeld opplegget frå semesteret før som standardpensum.  

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no