Emner: SPLA313 Teori og metode i latinamerikansk historie og kulturkunnskap - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningsspråk

Spansk 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet skal gi innsikt i ulike teoriar og metodar nytta i forsking på latinamerikanske samfunn. Det vil bli diskutert kva historie og kulturkunnskap er i eit latinamerikansk perspektiv, og korleis desse har vore tolka i frå ulike teoretiske ståstader i ulike historiske periodar. Studentane vil i tillegg verta introduserte for ei rekkje metodar nytta i forsking på latinamerikanske samfunn og ulike typar kjeldemateriale, og ein vil visa korleis desse kan brukast for å kasta lys over ulike typar problemstillingar i eit forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur.  

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten kjennskap til korleis synet på latinamerikansk historie og latinamerikanske samfunn har endra seg over tid. Studenten har også innsikt i ulike metodar og ulike typar kjeldemateriale nytta i forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur, og korleis eit slikt arbeid kan byggjast opp.

Studenten har i tillegg innsikt i korleis historiefaget har blitt forstått og praktisert i ein latinamerikansk kontekst. Studenten kan reflektera over teoretiske innfallsvinklar, og vurdera tilhøvet mellom spørsmål og val av metode i eit forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur. 

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium.  

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium ved Universitetet i Bergen. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og/eller seminar, to dobbelttimar per veke i 6 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein fem dagars heimeeksamen der studentane skal skriva ei oppgåve på ca. 3500 ord. 

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Fagleg overlapp

SPLA303 (5 stp) 

Litteraturliste

Ca. 550 sider henta frå læreverk og artiklar som omhandlar historisk teori og metode innan historisk forsking.

Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet. I undervisningsfrie semester gjeld opplegget frå semesteret før som standardpensum.  

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no