Emnet skal gi innsikt i ulike teoriar og metodar nytta i forsking på latinamerikanske samfunn. Det vil bli diskutert kva historie og kulturkunnskap er i eit latinamerikansk perspektiv, og korleis desse har vore tolka i frå ulike teoretiske ståstader i ulike historiske periodar. Studentane vil i tillegg bli introduserte for ei rekkje metodar nytta i forsking på latinamerikanske samfunn og ulike typar kjeldemateriale, og ein vil visa korleis desse kan brukast for å kasta lys over ulike typar problemstillingar i eit forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur.
Det vert òg gjeve ei innføring i korleis ein kan skrive ei prosjektskisse, kva som kan vere aktuelle tema for masteroppgåva og om aktuelle rettleiarar. Ca to timar er sett av til dette.
Etter fullført emne har studenten kjennskap til korleis synet på latinamerikansk historie og latinamerikanske samfunn har endra seg over tid. Studenten har også innsikt i ulike metodar og ulike typar kjeldemateriale nytta i forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur, og korleis eit slikt arbeid kan byggjast opp.
Studenten har i tillegg innsikt i korleis historiefaget har blitt forstått og praktisert i ein latinamerikansk kontekst. Studenten kan reflektera over teoretiske innfallsvinklar, og vurdera tilhøvet mellom spørsmål og val av metode i eit forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur.
Førelesingar og/eller seminar, to dobbelttimar per veke i 6 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Ca. 550 sider henta frå læreverk og artiklar som omhandlar historisk teori og metode innan historisk forsking.
Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet. I undervisningsfrie semester gjeld opplegget frå semesteret før som standardpensum.