Emner: SPLA314 Prosjektdesign og forskningsformidling for latinamerikastudier - Høst 2024




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

Spansk. Obligatorisk kurs på biblioteket vil føregå på norsk eller engelsk.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet gjev innsyn i ulike typar forskingsstrategiar og prosjektdesign som er aktuelle i samband med utforminga av masteroppgåver i latinamerikastudium. Det skal dessutan gje studentane grunnlag for å definere eit masterprosjekt på strukturert vitskapeleg vis, ved å gje innføring i å skrive ei prosjektskisse, drøfte kva som kan vere aktuelle emne for oppgåva og gjere greie for aktuelle rettleiingsressursar på faget.

Innhald:

Emnet inneheld ulike typar kjeldemateriale og eit utval sentrale teoretiske tekstar.

Det vil også innehalde eit kurs på biblioteket med innføring i ulike metodar for effektiv søking og bruk av digitale verktøy for å innhente oversyn over fagfeltet og informasjon om ressursar for fagleg oppdatering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men undervisninga skjer på spansk og føreset solide spanskkunnskapar. Unntak er kurset på biblioteket som skjer på norsk eller engelsk.

Tilrådde forkunnskapar

Sjå "Krav til forkunnskapar"

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i spansk og latinamerikastudium og studentar på lektorprogrammet i framandspråk med spansk som fag 1.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsform er seminar på normalt 20 timar som blokkundervisning, der det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt gjennom semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er eit krav at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga. Kurset på biblioteket er obligatorisk.

Innanfor undervisningsperioden skal studentane halde ein munnleg presentasjon som er ei kritisk lesing/ gjennomgang av ei nyare masteroppgåve. Faglærar er ansvarleg for val av aktuelle oppgåver.

Som integrert del av emnet, må studentane levere inn ein søknad som fortel fagkoordinator kva for disiplinar dei ønskjer å studere i arbeidet med masteroppgåva. I søknaden skal studenten sjølv rangere to disiplinar. Val av disiplin vil setje ei overordna ramme for masteroppgåva og samstundes rå over fordelinga av rettleiarar. 31. januar er endeleg frist for å sende inn søknad til fagkoordinator. Konkret informasjon om prosessen blir gitt ved semesterstart.

Arbeidskrava må vera godkjende av faglærar før studentane kan gå opp til endeleg eksamen. Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein fem dagars heimeeksamen i mars. Studentane skal skriva ei oppgåve på om lag 1750 ord på spansk.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane har alle hjelpemiddel tilgjengelege då eksamensoppgåva vert skriven heime, men ein minner om at den innleverte oppgåva skal vera studenten sitt sjølvstendige arbeid. https://www.uib.no/sa/164162/reielegheit-og-fuskEin viser elles til UiB sine retningslinjer i høve fusk og plagiat, inkludert kunstig intelligens.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Ca. 400 sider henta frå læreverk og artiklar som omhandlar metode og teori innan formidling av forsking.

Litteraturlista vil vere klar innan den 1. desember for bruk i vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførde i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Institutt