Emner: SPLA315 Spesialisering i latinamerikastudier - Vår 2024
Studiepoeng
20.0Studiepoeng, omfang
20
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
Ikkje relevant
Undervisningsspråk
Spansk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet SPLA315 er eit fordjupingsemne i språklege, litterære eller historiske problemstillingar innanfor latinamerikastudier. Studentane oppnår analytisk og teoretisk fordjuping i den disiplinen dei konsentrerer seg om.
Innhald: Emnet inneheld ulike typar kjeldemateriale og eit utval sentrale teoretiske tekstar innanfor lingvistikk, litteratur eller historie frå den spansktalande verda. Studentane skal velja hovuddisiplin innanfor faget. Studenten vel fordjupningsemne og bibliografi i samarbeid med faglærar.
Læringsutbyte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har
- spesialkunnskapar om einskilde kjelder, verk og sjangrar og kjennskap til den kulturhistoriske samanhengen dei står i
Kompetanse
Studenten har
- erfaring med å arbeide sjølvstendig med akademiske tekstar
Generell kompetanse
Studenten har
- kjennskap til forskingsetiske normer, og evne til kritisk vurdering av bibliografi og kjeldestoff
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men undervisinga skjer på spansk og føreset solide spanskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Sjå "Krav til forkunnskapar"
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i spansk og latinamerikastudier.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga har form av fellesseminar (10 timar) etterfølgt av rettleiingstimar (ca. 3 timar). Kvar student får tildelt rettleiar. Det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt i seminartimane og tek ansvar for sjølvstudium av pensum gjennom semesteret. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innanfor undervisningsperioden skal studentane halde ein munnleg presentasjon på eitt av seminara. Val av tema blir gjort i samråd med rettleiar. Det er òg obligatorisk å levere utkast av oppgåva (essay) og å møta til rettleiing tre gonger gjennom semesteret. Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før studentane kan gå opp til endeleg eksamen. Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Ei rettleidd oppgåve (essay) på ca. 4000 ord på spansk, pluss bibliografi. Tema for oppgåva vert godkjent av faglærar, og oppgåva vert vurdert av ein eksamenskommisjon i slutten av semesteret.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Karakterskala
Arbeidet vert vurdert til bestått eller ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår.
Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Ca. 800 sider henta frå læreverk og artiklar som omhandlar det valde fordjupingsemnet.
Litteraturlista skal liggje føre innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførde i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no
Institutt