Emner: SPLA321 Spansk lingvistikk - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Spansk

Undervisningssemester

Vår (går første gong våren 2015)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

SPLA321 er eit fordjupingsemne i eit tema frå spansk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå semester til semester. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå anvendt lingvistikk, tekstlingvistikk, diskursanalyse, omsetjingsteori, pragmatikk, eller kombinasjonar av desse.

Læringsutbyte

Studenten:

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Studentane blir rådde til å ta eksamen i SPLA311 før dei startar på SPLA321.

Studiepoengsreduksjon

SPLA301 (10 stp)

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av seminar med til saman 24 timar, to timar per veke i 12 veker eller som blokkundervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levera eit utkast av oppgåva til rettleiing og å møta til rettleiing ein gong i løpet av semesteret. Rettleiing per e-post vil berre bli gitt i heilt særskilte høve og etter søknad til instituttet. Fristane for innlevering av utkastet blir kunngjord i samband med seminaret.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i eitt semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Studentane skriv ei rettleidd oppgåve (essay) på ca. 4000 ord på spansk, pluss bibliografi. Tema for oppgåva blir godkjent av faglærar, og oppgåva blir vurdert av ein eksamenskommisjon i slutten av semesteret.

Studentane skal i løpet av masterstudiet ha skrive minimum ei av dei rettleidde oppgåvene på SPLA321 og SPLA322 individuelt.

To studentar kan velja å gå saman om å skriva éi oppgåve, og oppgåva skal i så fall vera på ca. 6000 ord pluss bibliografi, skriven på spansk. Det blir gitt ein sams karakter på oppgåva.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Det samla pensumet er på om lag 500 sider og skal femna om relevant og teoretisk fundert lingvistikk.

Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet. I undervisningsfrie semester gjeld opplegget frå semesteret før som standardpensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no