Emner: SPLA322 Latinamerikansk litteratur - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Spansk

Undervisningssemester

Vår (går første gong våren 2015)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

SPLA322 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk litteratur. I emnet inngår seminardeltaking og sjølvstendig arbeid innan eit litteraturfagleg problemfelt.

Læringsutbyte

Studentane oppnår analytisk og teoretisk fordjuping i eit emne frå latinamerikansk litteratur.

Dei kan formulera problemstillingar for, planleggja og gjennomføra forskings- og utviklingsoppgåver, samt har kunnskap om forskingsfronten på sitt fagområde.

Dei kan delta i debattar innafor sitt fagområde i internasjonale fora.

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Studentane blir rådde til å ta eksamen i SPLA312 før dei startar på SPLA322.

Studiepoengsreduksjon

SPLA302 (10 stp)

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Tema for undervisninga kan variera frå semester til semester. Undervisninga er samansett av førelesingar og/eller seminar to timar i veka i 12 veker og individuell rettleiing knytt til ei oppgåve.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levera eitt utkast av oppgåva til rettleiing og å møta til rettleiing ein gong i løpet av semesteret. Rettleiing per e-post vil berre bli gitt i heilt særskilte høve og då etter godkjenning av søknad til instituttet. Fristane for innlevering av utkasta blir kunngjorde i samband med førelesinga/seminaret.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i eitt semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Studentane skriv ei rettleidd oppgåve (essay) på ca. 4000 ord på spansk, pluss bibliografi. Tema for oppgåva blir godkjent av faglærar, og oppgåva blir vurdert av ein eksamenskommisjon i slutten av semesteret.

Studentane skal i løpet av masterstudiet ha skrive minimum ei av dei rettleidde oppgåvene på SPLA321 og SPLA322 individuelt.

To studentar kan velja å gå saman om å skriva éi oppgåve, og oppgåva skal i så fall vera på ca. 6000 ord pluss bibliografi, skriven på spansk. Det blir gitt ein sams karakter på oppgåva.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum (500-600 sider) skal innehalda både skjønnlitterære verk og teoretiske tekstar knytte til desse. Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet. I undervisningsfrie semester gjeld opplegget frå semesteret før som standardpensum.

Pensumutvalet har så langt det er råd ei nokolunde lik fordeling mellom kvinnelege og mannlege forfattarar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikrings-system.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no