Emner: SPLA350 Mastergradsoppgave i spansk språk og latinamerikastudier - Vår 2014




Studiepoeng

60.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

 Spansk

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Masteroppgåva utgjer den viktigaste delen av masterstudiet, og er normert til to semester med intensivt arbeid. Tema for masteroppgåva kan etter samråd med faglærar i prinsippet veljast fritt, men vil i praksis vere styrt av kapasiteten på faget. Tema og problemstilling for masteroppgåva skal vere knytte til éin av hovuddisiplinane i faget. Masteroppgåva skal skrivast på spansk og bør normalt ha eit omfang på 70-100 sider. 

 

Læringsutbyte

Ved fullført mastergrad skal kandidaten

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i Spansk språk og latinamerikastudium.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle masterstudentar i spansk språk og latinamerikastudium ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten har krav på 30 timar med rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Student og institutt skal teikna ein innbyrdes forpliktande rettleiingskontrakt i første eller andre semester, alt etter kva semester studenten følgjer emnet SPLA304. Tema for masteroppgåva skal godkjennast av rettleiar.

Vurderingsformer

Ei masteroppgåve skriven på spansk på 70-110 sider. Det er to fristar for innlevering av masteroppgåva kvart semester. Etter at masteroppgåva er vurdert, blir det halde ei munnleg prøve. Dette er ein samtale kring problemstillingar i masteroppgåva, og kan endra den endelege karakteren med éin bokstavkarakter.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no