Emner: STAT230 Livsforsikringsmatematikk - Høst 2024
Undervisningsspråk
Norsk (Engelsk vil bli brukt dersom utvekslingsstudentar følgjer kurset.)
Undervisningssemester
Annankvar vår, jamne årstal.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gje ei brei innføring i teori og teknikk for livsforsikringsmatematikk. Det gir eit godt grunnlag for bruk i livsforsikringsbransjen og trygdevesenet.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- Kjenne den elementære rentelæra. Kunne rekne med dei ulike typa lån: fastlån, serielån og annuitetar.
- Kjenne dødlighetsteori: hasardfunksjon, attståande levetid og standard levetidsfordelingar, og selekt dødeligheit.
- Forsikring på ett og fleire liv: opplevingsforsikring, dødsrisikoforsikring og kombinasjonen: vanlig livsforsikring. Fastetting av premie ut fra ekvivalensprinsippet.
- Rekne ut dei ulike slag kostnader knytt til forsikringa.
- Utleie Thieles differensiallikning for ulike livsforsikringar.
- Rekne ut sikkerheitspåslag og ulike slag bonus tilbakeføringar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MAT111, MAT112, MAT121; STAT110, STAT111 og STAT220
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske øvingar. (Gyldige i to semester: (Gyldig i to semester: inneverande + hausten etter)
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen på 4 timar. Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Eksamen vert gitt høgst ein gong i året
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Emnet eigast av Matematisk institutt.
Kontakt studieveileder@math.uib.no