Emner: STAT292 Prosjektarbeid i statistikk - Høst 2018
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår, undervisast fyste gong vår 2017
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet består i å skrive og presentere ei prosjektoppgåve. Prosjektoppgåva vil ha tema som spenner over heile spekteret av sentrale problemstillingar i statistikk. I prosjektarbeidet skal studentane få trening i bruk av bibliotekstenester. Det blir og gitt undervising i programpakka R, matematisk skriving og i bruk av LaTex.
Læringsutbyte
Etter fullførd emne skal studentane kunne:
Planleggje og gjennomføre eit prosjekt knytt til statistiske fag.
Redigere matematisk tekst ved hjelp av eigna programvare.
Formulere og presentere ei matematisk problemstilling både munnleg og skriftleg.
Krav til forkunnskapar
MAT111, MAT112, MAT121, STAT110, STAT111.
Tilrådde forkunnskapar
MAT131, STAT210, STAT220
Krav til studierett
Emnet er berre opent for studentar som tek Bachelorgrad i statistikk eller Integrert master i aktuarfag.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk frammøte på undervising.
Vurderingsformer
Prosjektoppgåve + munnleg presentasjon. Eksamen berre ein gong i året - vår.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
MAT292: 10sp, MAT264: 9sp
Vurderingssemester
Eksamen berre ein gong i året - vår (fyste gong vår 2017)
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.