Emner: TEAT111 Eldre teaterhistorie - Høst 2018
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Emnet skal gi ei grunnleggande innføring i europeisk teaterhistorie frå antikken og fram til slutten av 1700-talet.
Gjennom emnet skal studenten få kunnskapar om skodespelarkunsten si utvikling i eldre europeisk historie, teaterbygningar og teaterdekorasjonanes funksjon og dramatikken si status i eldre tiders teater. Studenten skal òg få forståing for dei samfunnsmessige kontekstane til teater i eldre europeisk historie.
Gjennom emnet skal studenten få forståing for samanhengen mellom teater i fortid og nåtid.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- gode kunnskapar om dei ulike epokane i eldre europeisk teaterhistorie
- kunnskapar om skodespelarkunst i eldre teaterhistorie
- kunnskapar om teaterbygningar og teaterdekorasjonar i eldre europeisk teaterhistorie
- grunnleggjande kunnskapar om teaterhistoriografiske problemstillingar.
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- gi ei god skriftleg utgreiing om eit emne innan eldre europeisk teaterhistorie
- kan finne og oppdatere eigne teaterhistoriske kunnskapar
- foreta ei enkel historiografisk vurdering av ein teaterhistorisk tekst
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- tileigne seg ny teaterhistorisk kompetanse gjennom eigne studiar av eldre teaterhistorie
- reflektere over ulike måtar å forstå teaterhistoria på
- reflektere over samanhengen mellom teaterhistoria og teater i nåtida.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesingar og seminar med studentinnlegg.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på seks timar.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust. Det er óg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav
Litteraturliste
Emnet har eit pensum på om lag 1000 tekstsider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no