Norsk
Haust
Formålet med emnet er å gi ei grunnleggande forståing av teatret si historie. Studentane skal verte kjende med den eldre europeiske teaterhistoria frå antikken og fram til slutten av 1700-talet.
Studentane skal òg verta kjende med grunnleggande historiografiske problemstillingar i teatervitskapen. Gjennom undervisinga vert det etablert ei forståing for samanhengen mellom teater i fortid og nåtid.
Emnet inneheld òg ei innføring i teatervitskapeleg oppgåveskriving.
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
Pensum omfattar ein god del framandspråkleg litteratur, og det er ei føremon om studentane har gode kunnskaper i engelsk.
Hovuddelen av undervisinga vert lagt opp som førelesingar. Det vil òg vere eit obligatorisk innføringskurs i oppgåveskriving. I samband med dette skal studenten skrive ei øvingsoppgåve, og møte til individuell rettleiing av øvingsoppgåva, jf. obligatoriske arbeidskrav
Studentane skal gjennomføre tre obligatoriske aktivitetar:
1) Delta på innføringskurs i oppgåveskriving
2) Levere inn ei øvingsoppgåve
3) Møte til rettleiing av øvingsoppgåve.
Skriftleg skuleeksamen på seks timar.
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no