Emner: TEAT112 Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet omfattar teaterhistoria frå om lag 1750 og fram mot vår eiga tid samt teori og metode for analyse av teaterframsyningar.

Formålet med emnet er å vise korleis ein kan vurdere ei teaterframsyning som kunst og korleis samspelet mellom samfunn og kunstuttrykk fungerer. Emnet skal òg gje ei innføring i teoriar og metodar for korleis ein kan analysere ei teaterframsyning.

Læringsutbyte

Studenten skal få grunnleggjande kunnskapar om og innsikt i korleis ein kan analysere teaterførestillingar. Studenten skal også lære teaterhistorie frå ca 1750 og mot vår eiga tid for å kunne forstå teaterførestillingar i ein historisk kontekst.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Det er òg mogeleg å søkje opptak på grunnlag av realkompetanse. Pensum omfattar ein god del framandspråkleg litteratur og det er ein føremon om studentane har språkkunnskap som svarer til A-språk (engelsk) frå språklinja.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert lagt opp som ein kombinasjon av forelesingar og gruppearbeid med rettleiing. Forelesingane skal femne om moderne teaterhistorie og teoriar og metodar som er relevante i samband med analyse av teaterframsyningar. Studentane skal arbeide i grupper på maksimum 5 studentar. Gruppa skal sjå fleire teaterframsyningar og velje ei som skal analyserast. Gruppa skal utarbeide ein skriftleg analyse på 8 sider (3000 ord) av denne framsyninga. I arbeidet med analysen skal gruppa føre ei felles loggbok, som skal dokumentere gruppa sin prosess og den enkelte studenten sin medverknad i arbeidet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  1. Å ta del i gruppearbeidet og å møte tre gonger til grupperettleiing med faglærar.
  2. Å levere inn ferdig analyse og loggbok i instituttadministrasjonen til ein frist som vert publisert på UiBs nettsider.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen har to delar:

1: Det skriftlege gruppearbeidet skal vurderast som godkjent/ikkje godkjent av faglærar. Det er ein føresetnad for å få gå opp til munnleg eksamen at det skriftlege gruppearbeidet er godkjent.

2: Munnleg individuell eksamen. På den munnlege eksamenen vert kandidaten eksaminert i det historiske fellespensum. Endeleg karakter på emnet svarer til karakteren på munnleg eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta ein karakterskala frå A - F. Der E er siste ståkarakter.

Litteraturliste

Emnet har eit pensum på om lag 1100 tekstsider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no