Vår.
Emnet omfattar dramaturgisk teori og praktisk dramaturgisk analyse av eldre og nyare dramatiske tekstar. Regi tek for seg regikunsten som samanbinding av teaterframsyninga sine verkemiddel.
Formålet med emnet er å gje ei grunnleggjande forståing av dramaturgisk teori og praksis ved å gje ei innføring i korleis ein kan analysere dramatiske tekstar og vise korleis desse kan transformerast til teaterframsyningar i form av regi.
Studenten skal få ei grunnleggjande forståing for dramaturgisk teori og praksis og lære å analysere dramatiske tekster.
Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Det er òg mogeleg å søkje opptak på grunnlag av realkompetanse. Pensum omfattar ein god del framandspråkleg litteratur, og det er ein føremon om studentane har språkkunnskap som svarer til A-språk (engelsk) frå språklinja.
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling. Se UHL §3-10.
Undervisninga vert gitt i form av forelesingar.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no