Emner: TEAT211 Teaterestetikk og teaterteori - Vår 2014
Studiepoeng
15.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Undervisningsspråk
Norsk.
Undervisningssemester
Haust/Vår
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Emnet skal omfatte teaterestetiske teoriar frå om lag 1750 til i dag, samt vitskapsteori og teatervitskapleg hermeneutikk.
Læringsutbyte
Formålet med emnet er å utdjupe forståinga av teatervitskaplege og teaterestetiske teoriar og av forholdet mellom teori og teater.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag er fullført 100-nivå i teatervitskap.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling. Se UHL §3-10.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga vert gitt i form av forelesningar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Eksamen består av ei 7-dagars heimeoppgåve pluss ei justerande munnleg prøve.
Ordinær eksamen vert halde kvart semester.
Karakterskala
Det vert nytta ein karakterskala frå A - F. Der E er siste ståkarakter.
Litteraturliste
Pensum har eit omfang på om lag 1000 tekstsider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no