Emner: TEAT253 Praksisbasert prosjektoppgave/bacheloroppgave - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet er eit praksisbasert sjølvstudium i eit sjølvvalt tema. Emnet består av to delar: ein praksisdel og ei skriftleg oppgåve.

Praksisdelen skal bestå av inntil 4 normalarbeidsveker (ca. 150 timer) fordelt på ein eller fleire praksisperiodar hos produserande profesjonelle scenekunstinstitusjonar eller frie profesjonelle grupper, produserande/turnearrangerande offentleg forvaltning eller andre teaterinstitusjonar godkjent av fagmiljøet.

Praksis skal ligge nær kunstnariske produksjonsprosessar, og kan ha form av observasjon av til dømes prøver eller personassistanse av kunstnariske funksjonar som regissør, dramaturg, scenograf eller administrative funksjonar som produsent.

Det er forventa at studenten sjølv er aktiv i å skaffe seg praksisplass. Emneansvarleg kan hjelpe med å etablere kontakt med mogleg praksisplass, men studenten kan ikkje krevje å verte tildelt praksisplass.

Innhaldet i praksisperioden definerast i ein kontrakt som skal signerast av studenten, emneansvarleg og praksisplassen v/kontaktperson.

Bacheloroppgåva skal vere på ca. 12-15 sider (maksimum 8000 ord). Oppgåva skal bestå i ei analytisk eller teoretisk behandling av materiale og erfaringar frå praksisperioden.

Formålet med emnet er å auke forståinga for tilhøvet mellom teaterpraksis og teori gjennom å øve opp kjennskap til og å gjere seg fortruleg med ein produksjonskontekst for scenekunst samt å øve opp evna til vitskapleg framstelling basert på empirisk materiale og praksiserfaring.

 

 

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha tileigna seg kunnskapar om produksjon og/eller formidling av scenekunst. Vidare skal studentane ha tileigna seg kompetanse i teoretisk og analytisk behandling av materiale og erfaringar frå teaterpraksis.

Krav til forkunnskapar

Studenten skal ha avlagt eksamen i emna TEAT112 Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar og TEAT114 Skodespelarkunst, scenografi og teaterkritikk.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av oppgåveseminar og individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten har 3 obligatoriske aktivitetar:

1) Å delta på introduksjons- og metodekurs (felles med TEAT252)

2) Å legge fram utkast til oppgåva på oppgåveseminar (felles med TEAT 252)

3) Å levere oppgåva til rettleiar og få minst ei individuell rettleiing.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar og gjennomført praksis er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

 

Vurderingsformer

Rettleid semesteroppgåve. Eksamen er ei vurdering av den skriftlege oppgåva.

Godkjent praksisdel er ein føresetnad for å ta eksamen. Praksisdelen blir vurdert som godkjent når kontraktvilkåra for praksis er oppfylde.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

Emnet har eit sjølvvald pensum på minimum 700 sider som studenten vel i samråd med faglærar. Pensum må omfatte litteratur som er nødvendig for å skrive oppgåva.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no