Emner: TEAT302 Teatervitenskap: Prosjektbeskrivelse - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet består i å utvikle ei prosjektskildring som skal danne grunnlag for og gi retning på masteroppgåva. Prosjektskildringa skal òg klargjere føremålet med prosjektet.

Prosjektskildringa skal syne at den planlagde masteroppgåva er rimelig klart formulert, kan gjennomførast innanfor normert studietid og at studenten på sjølvstendig vis kan nytte vitskaplege metodar og teoriar som høver for faget.

Emnet er obligatorisk i masterstudiet i teatervitskap.

Læringsutbyte

Formålet med emnet er å gi innsikt i korleis ein planlegg og organiserer eit forskingsprosjekt ved å utvikle ei prosjektskildring som skal gi studenten eit grunnlag for å gå vidare med masteroppgåva.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i teatervitskap eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga består av eit kort innleiande prosjektskildringskurs etterfølgt av fellesrettleiingar. Fellesrettleiinga vert lagt opp som to seminar der studentane legg fram sine utkast og får diskutert desse med faglærar og medstudentar. Det vert også gjeve to individuelle rettleiingar. Utkast til prosjektskildringa skal leverast inn til vurdering i kollegamøte hos fagmiljøet to gonger til oppsette fristar. Studentane vil få munnleg tilbakemelding frå kollegamøta gjennom emneansvarleg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å møte til dei to individuelle rettleiingane og å levere inn utkast til prosjektskildringa to gonger til vurdering i kollegamøte.

Vurderingsformer

Eksamen er ei endeleg vurdering av prosjektskildringa. Ferdig prosjektskildring skal ha eit omfang på 5-7 sider. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere oppfylde for å kunne møte til eksamen.

Karakterskala

Bestått/ ikkje bestått

Litteraturliste

Den sjølvvalte grunnlagslitteraturen knytt til prosjektskildringa kan seinare gå inn som ein del av litteraturen til masteroppgåva.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no