Haust.
I løpet av emnet skal studenten utvikle ei prosjektskildring for masteroppgåva.
Gjennom innføringsførelesingar, rettleiingsseminar og individuell rettleiing vert det formidla ei teatervitskapeleg forståing av prosjektskildring som akademisk sjanger og som eit verktøy i forskingsarbeidet.
Som grunnlag for prosjektskildringa skal studenten samle litteratur og kjeldemateriale om emnet sitt, slik at det er mogleg å gjere greie for emnet og formulere ein akademisk betraktningsmåte av dette.
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
Undervisinga er sett saman av eit kort innleiande prosjektskildringskurs etterfølgt av fellesrettleiingar og individuell rettleiing. Fellesrettleiinga vert lagt opp som to seminar der studentane legg fram sine utkast og får diskutert desse med faglærar og medstudentar.
Innlevering av obligatoriske utkast til prosjektskildringa og rettleiing i form av munnlege tilbakemeldingar frå faglærar inngår i undervisningsopplegget i emnet. Sjå under obligatoriske arbeidskrav for nærare omtale. Individuell rettleiing avtalas med faglærar.
Alle dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før prosjektskildringa kan leverast til vurdering.
Skriftlge oppgåve i form av prosjektskildring på om lag 2000 ord (5-7 sider).
Prosjektskildringa skal innehalde
Prosjektskildringa skal i tillegg vise at den planlagde masteroppgåva kan gjennomførast innanfor normert studietid.
I samråd med faglærer skal studenten finna fram til relevant faglitteratur og kjeldemateriale for den planlagde masteroppgåva. Litteraturlista kan omfatte både litteratur og kjeldemateriale som vert brukt direkte i prosjektskildringa og litteratur og kjelder som skal nyttast i samband med masteroppgåva. Litteraturlista til prosjektskildringa skal vera på minimum 2000 sider. Litteratur og kjelder knytt til prosjektskildringa kan seinare gå inn i litteraturlista til masteroppgåva.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no