Emner: TEAT311 Teatervitenskap: Seminarinnlegg innenfor et selvvalgt område - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

I emnet skal studenten førebu og presentera eit munnleg seminarinnlegg for medstudentar og emneansvarleg i ein seminarsamanheng arrangert av fagmiljøet.

Emnet for seminarinnlegget kan vere av teaterhistorisk, analytisk, teoretisk eller teaterpolitisk karakter. Seminarinnlegget skal vere fokusert på ei metodisk eller tematisk problemstilling innanfor det valde temaområdet.

 

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført ført emnet har studenten

 

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ønskjeleg at studenten har bestått TEAT301 og TEAT302.

 

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det er ikkje regulær undervisning i emnet. I tilfelle fleire studentar tar emnet same semester kan det verte satt opp felles oppgåveseminar. Ut over dette vert undervisninga gitt i form av individuell rettleiing.

Studenten skal førebu eit seminarinnlegg på 45 min. Innhaldet i seminarinnlegget vert avtala med faglærar. Som grunnlag for seminarinnlegget skal studenten i samråd med rettleiar utvikle eit manuskript på om lag 3500 ord.

Studenten sitt innlegg skal presenterast i samband med eit seminar arrangert av fagmiljøet, i haust- eller vårsemesteret.

Studentar som skal halde innlegg må melde frå om emne for seminarinnlegg til faglærar innan 1. september i haustsemesteret og innan 1. februar i vårsemesteret.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Å møte til to individuelle rettleiingar.

Vurderingsformer

 Vurderinga er todelt:

  1. Manuskript til prøveforelesing (om lag 3500 ord). Manuskriptet vert vurdert til bestått/ ikkje bestått av intern kommisjon i fagmiljøet før munnleg presentasjon.
  2. Munnlege presentasjonen/prøveforelesing. Denne vert vurdert som prøveførelesing av intern kommisjon i fagmiljøet.

Både manuskript og munnleg presentasjon skal vere bestått for at samla vurdering i emnet skal setjast til bestått. Delane tel 50% kvar i vurderinga.

Karakterskala

Bestått/ Ikkje bestått

Litteraturliste

 I samråd med faglærer skal studenten finne fram til relevant faglitteratur og kjeldemateriale for seminarinnlegget. Litteraturlista til seminarinnlegget skal vere på minimum 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no