Emner: TEAT311 Teatervitenskap: Seminarinnlegg innenfor et selvvalgt område - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Studenten skal skrive eit seminarinnlegg på omlag 6000 ord. Studenten skal presentere seminarinnlegget munnleg for medstudentar og faglærar.

Føremålet med seminarinnlegget er å fokusera på eit metodisk eller tematisk problem innanfor den fastlagde seminarrekka sitt tema.

Emnet er valfritt i masterstudiet i teatervitskap og kan bytast ut med emne på masternivå frå andre fag/ universitet. Innpassing av slike emne må godkjennast av fagmiljøet før studenten kan melde seg til eksamen i emnet.

Læringsutbyte

Studenten skal erfare korleis ein skriv og framførar eit seminarinnlegg, og korleis ein løyser oppgåva på eit teatervitskapleg vis.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ynskjeleg at studenten har tatt eksamen i TEAT301 og TEAT302.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Innlegget skal presenterast i samband med ei seminarrekke i haust- eller vårsemesteret. Tema for seminarrekka vert fastlagt av fagmiljøet.

Seminarinnlegg skal meldast til faglærar med tanke på presentasjon i løpet av haust- eller vårsemestret innan oppsette fristar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Studentar som skal halde innlegg må melde frå til rettleiar/faglærar innan 1.september i haustsemesteret og innan 1.februar i vårsemesteret.

Innlegget, som skal være på omlag 6000 ord, skal førehandsgodkjennast i kollegamøte på hos fagmiljøet på grunnlag av innlevert manuskript. Endeleg godkjenning finn stad etter den munnlege presentasjonen.

Ordinær eksamen vert halde kvart semester.

Karakterskala

Bestått/ Ikkje bestått

Litteraturliste

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no