Emner: TEAT312 Innlegg i samband med ekskursjon - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Fagmiljøet arrangerer vanlegvis ein gong per år ekskursjon i form av eit feltstudium i ein by og land som har teatervitskapeleg interesse. Ekskursjonen vil i tillegg til teaterframsyningar ta for seg teaterhistoria og kontekstuelle forhold i byen og landet der ekskursjonen finn stad. Ekskursjonen kan òg involvere studentar som tar andre emne og studienivå på faget.

Studentar som melder seg på TEAT312 skal førebu og presentere eit seminarinnlegg knytt til ein ekskursjon når slik ekskursjon vert tilbydd og organisert av fagmiljøet.

Innlegget skal vere om eit relevant teatervitskapleg emne (teaterhistorisk, kontekstuelt, teaterpolitisk eller teoretisk) knytt til staden for ekskursjonen.

 

Læringsutbyte

Kunnskapar

 

Etter fullført emne har studenten

 

Ferdigheiter

 

Etter fullført emne kan studenten

 

Generell kompetanse

 

Etter fullført emne kan studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studentar som skal halde innlegg i samband med ekskursjon må melde frå til emneansvarleg innan 1. september i haustsemesteret og innan 1.februar i vårsemesteret. Emnet for innlegget skal avtalast med emneansvarleg og ekskursjonsleiar seinast ein månad før ekskursjonen finn stad. Innlegget skal vera førebudd med eit manuskript på om lag 3500 ord.

Studenten skal motta rettleiing før framføringa og innleveringa av manuskriptet til endeleg vurdering.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  1. Å møta til to individuelle rettleiinger.
  2. Å presentera eit munnleg innlegg i samband med ekskursjon. Innlegget skal godkjennast av faglærar.

Vurderingsformer

Skriftleg oppgåve på om lag 3500 i form av manuskriptet til det munnlege innlegget frå ekskursjonen. Manuskriptet vert vurdert som ei skriftleg oppgåve av intern kommisjon i fagmiljøet. Ekskursjonsleiar skal vera med i kommisjonen.

 

 

Karakterskala

Bestått/ ikkje bestått

Litteraturliste

 I samråd med faglærar skal studenten finna fram til relevant faglitteratur og kjeldemateriale for seminarinnlegget. Litteraturlista til seminarinnlegget skal være på minimum 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no