Emner: TEAT312 Innlegg i samband med ekskursjon - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

I emnet skal studenten førebu og presentere eit seminarinnlegg på om lag 6000 ord knytt til ein ekskursjon når ekskursjon vert tilbydd og organisert av fagmiljøet. Seminarinnlegget kan anten være eit førebudd innlegg som skal haldast på ekskursjon eller ei analyse av ei eller fleire teaterførestillingar studenten har sett på ekskursjonen. Innlegget skal då haldast etter ekskursjonen i samband med ei seminarrekke på TEAT311. Emnet for innlegget skal være godkjent av ekskursjonsleiar før ekskursjonen finn stad.

Emnet er valfritt i masterstudiet i teatervitskap og kan bytast ut med emne på masternivå frå andre fag/ universitet. Innpassing av slike emne må godkjennast før studenten kan melde seg til eksamen i emnet.

Læringsutbyte

Føremålet er å gjere studentane kjende med teatertilhøve andre stader slik at dei betre kan analysera og forstå teatret sine tradisjonar og dei kulturhistoriske og politiske kontekstane som sceniske førestellingar står i.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i teatervitskap eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Ekskursjonen er eit feltstudium i ein annan by som har teatervitskapleg interesse. Ekskursjonen vil omhandla teaterhistoria og kontekstuelle forhold i den byen der ekskursjonen finn stad.

Viktige innslag i ekskursjonen er teaterførestellingar og annan scenisk kunst, samt besøk ved institusjonar, kulturhus og museum.

Ekskursjonen finn stad i ein periode som fagmiljøet finn høvande. Ekskursjonen kan òg involvere andre nivå på faget.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Seminarinnlegget skal være på omlag 6000 ord og skal framførast munnleg. Innlegget skal endeleg godkjennast på grunnlag av innlevert manuskript.

Karakterskala

Bestått/ ikkje bestått

Litteraturliste

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no