Emner: TEAT313 Prosjektoppgave basert på deltakelse i teaterproduksjon - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

I emnet skal studenten ha praksis i samband med teaterproduksjon ved teaterinstitusjon eller i samband med uavhengig teaterprosjekt. Gjennom praksisdeltakinga skal studenten erfare korleis teaterproduksjon går føre seg i praksis. På grunnlag av innhenta erfaring frå teaterpraksis skal studenten skriva ei analytisk og/eller kontekstualiserande oppgåve.

Praksisdeltakinga kan vere ved ein institusjon som teatervitskap ved Universitetet i Bergen har avtale med, eller ved eit uavhengig teaterprosjekt som vert godkjend av emneansvarleg.

Det vert forventa at studenten sjølv er aktiv i å skaffa seg praksisplass ved ein vertsinstitusjon. Emneansvarleg kan hjelpa med å etablera kontakt med vertsinstitusjon, men studenten kan ikkje krevja å få tildelt praksisplass.

Praksisdeltakinga skal bestå av inntil 4 normalarbeidsveker fordelt på ein eller fleire periodar hos ein teaterinstitusjon, ei teatergruppe eller eit uavhengig teaterprosjekt.

Innhaldet i praksisperioden vert definert i ein kontrakt som vert signert av studenten, emneansvarleg og vertsinstitusjonen v/ kontaktperson.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emnet har studenten

 

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

 

Generell kompetanse

 

Etter fullført emnet kan studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ønskjeleg at studenten har bestått eksamen i minimum eitt av emna TEAT301 og TEAT302.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det er ikkje regulær undervisning i emnet. I tilfelle fleire studentar tar emnet same semester kan det verte satt opp felles oppgåveseminar. Ut over dette verter undervisninga gitt i form av individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 

1) Å inngå skriftleg kontrakt med vertsinstitusjonen v/kontaktperson.

2) Å gjennomføra praksis i samsvar med kontrakten.

3) Å levera oppgåva til rettleiar og få minst to individuelle rettleiinger.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve på om lag 5000 ord som vert vurdert som eit skriftlig vitskapeleg arbeid. Den gjennomførte praksisen er ikkje ein del av vurderingsforma.

Karakterskala

A - F.

Litteraturliste

I samråd med emneansvarleg skal studenten finne fram til faglitteratur som i tillegg til observasjonar og anna kjeldemateriale frå vertsinstitusjonen skal leggjast til grunn for oppgåva. Litteraturlista skal vere på minimum 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no