Emner: TEAT313 Prosjektoppgave basert på deltakelse i teaterproduksjon - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Fagmiljøet kan i visse høve skaffa praksisplass som regiassistent eller observatør i ein institusjon som er godkjent av fagmiljøet til studentar som ynskjer å velja emnet. Studenten skal i samband med praksisen skriva ei emneoppgåve på om lag 6000 ord.

Studenten vil få innsikt i teaterpraksis gjennom deltaking i produksjon eller anna medverknad. Studenten skal læra å observera og dokumentera arbeidsprosessar og -situasjonar ved institusjonen som førebuing til praktisk profesjonelt arbeid.

Emnet er valfritt i masterstudiet i teatervitskap og kan bytast ut med emne på masternivå frå andre fag/ universitet. Innpassing av slike emne må godkjennast av fagmiljøet før studenten kan melde seg til eksamen i emnet.

Læringsutbyte

Prosjektarbeidet skal resultera i eit vitskapleg arbeid der studenten systematiserer og reflekterer over prosjektarbeidet og det ferdige resultatet.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ynskjeleg at studenten har tatt eksamen i TEAT301 og TEAT302

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten skal leggja fram ei prosjektskildring som gjer greie for kva han/ho skal undersøkje i feltarbeidet. Denne prosjektskildringa skal faglæraren godkjenna på førehand. Studenten skal deretter fylgje ein scenisk produksjon i eit avgrensa tidsrom på inntil seks veker. Student og faglærar skal i samråd velje høvande tidspunkt for prosjektarbeidet.

Etter feltarbeidet skal studenten skrive ei emneoppgåve på omlag 6000 ord.

Studenten får to individuelle rettleiingar på skriving av emneoppgåva.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Semesteroppgåva skal innehalde ei analyse av den endelege framsyninga der det vert gjort greie for den tradisjon som førestellinga står i. Kandidaten skal syne dei vitskaplege refleksjonane som ligg til grunn for oppgåva.

Karakterskala

Det vert nytta ein karakterskala frå A - F. Der E er siste ståkarakter.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no