Emner: TVP101 Introduksjon til TV-produksjon - Vår 2018




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane teknisk basiskompetanse og mengdetrening som gjer dei budde på det vidare studieløpet.

Emnet er eit introduksjons- og førebuingskurs, sett saman av tre modular.

Modul 1 er eit teknisk grunnkurs i bruk av filmkamera, lyssetjing, lydopptak og redigeringsprogram. Delar av den tekniske instruksjonen kan skje saman med det profesjonsbaserte programmet BASV-JOU. Tilhøyrande førelesingar relaterer den grunnleggjande tekniske opplæringa til praktisk medieproduksjon i ulike konkrete samanhengar.

Modul 2 gjev en introduksjon til dagens TV-bransje og -produksjon gjennom møter med sentrale medie- og produksjonsselskap.

Modul 3 består av praktisk arbeid, der studentane skal nytta kunnskapen frå den tekniske treninga i eigen praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Studiepoengsreduksjon

INFOMEVI106 (10 sp)

Studentar som tidligare har gjennomført INFOMEVI106, oppmodast vert oppmoda om å ta kontakt med studierettleiar.

Krav til studierett

Bachelorprogram i TV-produksjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Teknisk trening, workshops og førelesningar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane vil få nærare informasjon om obligatoriske aktiviteter og timeplan ved semesterstart.

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Tre praktiske deleksamenar: Studentane får i oppgåve å lage tre korte filmar i grupper i løpet av semesteret.

Alle deleksamenar må vurderast som bestått for at ein skal bestå kurset.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap