Emner: TVP102 Det visuelle språket - Vår 2018




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studenten teoretiske perspektiv på, og praktiske øvingar med, levande bilde og lyden sine ekspressive eigenskapar. Emnet har tre modular.

Modul 1 er teoretisk, og gir ei innføring i korleis filmskaparar på byrjinga av 1900-talet utvikla filmspråklege konvensjonar som orienterte publikum i tid og rom, og som danna grunnlaget for den klassiske Hollywoodfilmen, som representerer den vanlegaste måten å setje saman audiovisuelle forteljingar på. I den historisk retta delen av emnet lærer studenten også om alternative filmtradisjonar, samt om estetikken i ulike typar tv-fiksjon. I tillegg skal studenten gjennom førelesingar og seminar få kunnskap om handverksmessige prinsipp og audiovisuelle verkemiddel. Til denne undervisinga høyrer også praktiske øvingar med tilbakemelding frå staben som sikrar at studenten får prøve ut, og reflektere over, dei historiske og teoretiske perspektiva.

Dei to andre modulane er praktisk retta:

Modul 2: består av tre øvingsoppgåver med tilhøyrande teknisk opplæring.

Modul 3: består av ein produksjon der studentane skal anvenda kunnskapen og ferdigheitene dei har tileigna seg i modul 2 i praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

TVP101

Tilrådde forkunnskapar

MEPRO100

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesninger, teknisk trening og workshops.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på teknisk opplæring i samband med øvingsoppgåver. Studentane vil få informasjon om datoar for dei obligatoriske aktivitetane ved semesterstart.

Tre praktiske øvingsoppgåver:

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen består av to delar:

  1. Ein praktisk deleksamen: Ein gruppeproduksjon der studentane skal omsetja kunnskap og ferdigheiter innan lyd, klipp og foto/lys i praksis.
  2. Ein teoretisk/analytisk deleksamen: Analyse av filmspråkleg verkemiddel i fritt vald film eller tv-serie. Analysen kan leverast anten som skriftleg oppgåve (4500 ord, pluss/minus 10%) eller som videoessay (10-15 minutt, med voiceover).

Det vert nytta bokstavkarakterar (A-F) i vurderinga av både produksjonen og det skriftelege arbeidet, som tel høvesvis 60% og 40% ved utrekning av samla karakter.

Karakterskala

Karakter A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap