Emner: TVP260 Bachelorproduksjon - Høst 2024




Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ytterlegare fordjuping i fagfunksjonen deira ved at dei i grupper skal produsere kvar sin eksamensfilm. Studentane vil typisk realisere manus frå masterprogrammet i manusutvikling, men det vil vere høve til å gjere andre typar produksjonar om det er produksjonskapasitet til det. Format og omfang skal godkjennast av faglærar, men innleveringa skal svare til minst 3 månader med intensivt produksjons- og postproduksjonsarbeid. Målet er å gje studentane praktisk-analytisk spisskompetanse innanfor ei fagspesialisering gjennom arbeidet med produksjonen. Emnet legg òg vekt på å fremje kunnskap og kompetanse om samarbeidsrelasjonar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

TVP101, TVP102, TVP103, TVP104, TVP204

Tilrådde forkunnskapar

MEPRO100

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Reservert for studentar ved bachelorprogrammet i tv-produksjon

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, workshops, praktisk arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på eventuell undervisning i eiga spesialisering.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

Ein praktisk produksjon - typisk gruppebasert - som reflekterer minst 3 månader med intensivt arbeid med produksjon og postproduksjon.

Ein individuell produksjonsrapport som reflekterer over rolla til eigen fagfunksjon og kreative val i arbeidet med eksamensfilmen.

Det blir gitt ein samla karakter for det praktiske arbeidet innan eigen fagfunksjon og produksjonsrapporten. Det praktiske arbeidet vert tillagt mest vekt i vurderinga.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet. 

Kontaktinformasjon

studierettleiar.mcb@uib.no