Emner: TYS105 Grunnemne i tysk språk I - Vår 2024




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

Tysk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen.

I perioden mellom undervisningsslutt og eksamen blir det tilbod om eit frivillig opphald i Kiel i tre veker.

Dette emnet finst òg som nettemne (TYS625) med eige opptak.

Mål og innhald

Emnet omfattar eit basiskurs i tysk grammatikk. Kurset gir ei innføring i tysk morfologi (substantiv, adjektiv, pronomen, verb) og i grunnleggjande trekk ved tysk syntaks (grammatisk analyse, sideordning og underordning av setningar, kasus, tempus).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

Dugleik:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS105 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS111, TYS111H, TYS111-F, TYSK621 og med 5 studiepoeng om det vert kombinert med TYSK622.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstilbodet omfattar forelesingar som føreset aktiv deltaking frå studentane, og ei øvingsgruppe.

Omfanget på tilbodet om øvingsgruppe blir avgjort av dei tilgjengelege ressursane på faget.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane.

Kvar veke skal det løysast ei oppgåve knytt til innhaldet i førebuingspakkane. 8 slike oppgåver må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Alle arbeidskrava må vere godkjende i same semester før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 4 timars skriftleg digital heimeeksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne. Dette føreset korrekt kildebruk og sjølvstendig produksjon av tekst.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk og øvingsoppgåver.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Institutt