Emner: TYS106 Tyskspråklig kultur og historie - Vår 2024




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

Tysk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen.

I perioden mellom undervisningsslutt og eksamen blir det tilbod om eit frivillig opphald i Kiel i tre veker.

Dette emnet finst òg som nettemne (TYS626) med eige opptak.

Mål og innhald

Emnet tematiserer ulike aspekt ved tyskspråkleg kultur og historie frå opplysningstida (1760) fram til i dag med utgangspunkt i ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst.

Emnet inneheld òg eit kurs i bruk av Bibliotek for humaniora og ressursane der.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS106 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS112, TYS112-F, TYS622 eller med TYS626, og med 5 studiepoeng om det vert kombinert med TYSK621.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstilbodet omfattar forelesingar og øvingsgrupper. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.

Eller:

12 veker

Emnet omfattar òg eit 2-4 timars kurs i bruk av Bibliotek for humaniora og ressursane der.

Omfanget på tilbodet om øvingsgruppe blir avgjort av dei tilgjengelege ressursane på faget.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane i Bergen.

I løpet av semesteret skal det skrivast ei øvingsoppgåve (ca. 500-700 ord) og haldast ein kort munnleg presentasjon.

Det er òg obligatorisk å delta på kurset i bruk av Bibliotek for humaniora og ressursane der.

Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av ein sju dagars heimeeksamen.

Omfanget på heimeeksamenen skal vere ca. 1500 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste.

Studentane vil mellom anna få breiddespørsmål frå pensum på heimeeksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum omfattar ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst.

Litteraturlista er klar seinast 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Institutt