Emner: TYS112 Tyskspråklig kultur - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Tysk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen og Kiel
Mål og innhald
Emnet tematiserer ulike aspekt ved tyskspråkleg kultur frå opplysningstida (1760) fram til i dag med utgangspunkt i ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst.
TYS112 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i tysk.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Studenten:
- skal tileigne seg grunnleggjande kunnskapar om bakgrunnen for det moderne tyske samfunnet og den kulturelle utviklinga i Tyskland.
- har kunnskap om den tyske nasjonsbyggingsprosessen og statsdanninga og særtrekk ved ulike kulturhistoriske periodar
Dugleik:
Studenten:
- skal forstå kulturhistoriske fagtekstar og ulike estetiske uttrykk og kunne arbeide sjølvstendig med desse
- skal kunne arbeide sjølvstendig med ulike media for å tileigne seg forståing av den kulturelle utviklinga i Tyskland
Grunnkompetanse:
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om utvalde tema innan tyskspråkleg kultur i perioden frå opplysningstida (1760) fram til i dag,
- har eit reflektert forhold til stoffet
- kan analysere ulike kulturelle uttrykk og setje dei inn i historisk og samfunnsmessig samanheng
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
TYS112-F (100 %)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
- Undervisingstilbodet omfattar forelesingar/seminar og gruppeundervisning. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad. NB! Undervisinga i delar av TYS112 er lagt til Universitetet i Kiel.
- 2 eller 3 dobbeltimar i Bergen + undervising i Kiel + bibliotekskurs
10 veker i Bergen + 6 veker i Kiel
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er oppmøteplikt til 75 % av undervisninga i Bergen.
I løpet av semesteret skal det skrivast to korte (ca. 500 ord) øvingsoppgåver og haldast minst ein kort munnleg presentasjon.
Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.
Vurderingsformer
Vurdering skjer på grunnlag av ein sju dagars heimeeksamen og ein munnleg eksamen (ca. 30 min.).
Omfanget på heimeeksamenen skal vere ca. 1500 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste.
Den munnlege eksamenen er sett saman av ein presentasjon (15 min.) og ein samtale rundt pensum generelt (15 min.).
Begge eksamensdelane må vere greidd i same semesteret.
Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel heimeeksamen 50%, og den munnlege eksamenen 50%.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum omfattar ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no