Emner: TYS201 Fordypning i tysk språk - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Tysk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gi auka kunnskap om og fordjupa innsikt i eitt eller to tema innan tysk språk/språkvitskap og/eller fagdidaktikk i eit språklæringsperspektiv. Kvart tema skal helst studerast i to eller fleire ulike framstillingar for å trene opp evna til sjølvstendig vurdering av lærestoff.
TYS201 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i tysk for studentar som tar TYS252.
Læringsutbyte
KUNNSKAPAR
Kandidaten
- har brei, generell kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og metodar innan tysk som forskingsfag
- har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen/dei valde disiplinane og djupare kunnskap innanfor eit avgrensa område
- har kjennskap til og kan bruke relevante kommunikative sjangrar
DUGLEIKAR
Kandidaten
- kan utarbeide og presentere eit prosjekt på tysk (skriftleg og munnleg).
- kan reflektere over språklege nyansar mellom norsk og tysk og nyttiggjere seg det i munnleg og skriftleg bruk av tysk.
- kan bruke eit presist språk- og litteraturvitskapleg omgrepsapparat på ulike teksttypar og problemstillingar i eige forskingsarbeid.
- kan uttrykkja seg presist om faglege problemstillingar, analysar, tolkingar og konklusjonar innan eige fagområde
- kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av tileigna faglege kunnskapar
- kan setje seg inn i og kritisk vurdere bruk av teoriar, metodar og tolkingar innanfor eige fagområde
- kan skaffe seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
- kan uttrykke seg på tysk på høgt nivå både munnleg og skriftleg og kan lese avanserte tekstar på tysk
- kan finne fram til relevante kjelder og bibliografiar både på nettet og i oppslagsverk og bruke dei kritisk i eige arbeid
- kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kan bruke dei metodar og analyseverkty som er naudsynte for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innanfor eige fagområde
- kan halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
- Kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane har teke TYS111, TYS112, TYS113 og TYS114 eller har tilsvarande kunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
- Undervisninga skjer i form av forelesningar/seminar.
- 4 timar i veka
- 12 veker (dvs. 12 dobbeltimar for kvart tema)
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I løpet av semesteret skal studentane skrive ei øvingsoppgåve i tilknyting til undervisninga. Det skal òg haldast ein munnleg presentasjon på om lag 10 minutt. Studentane vel tema i samråd med faglærar.
Oppgåva og presentasjonen må vere godkjende av faglærar for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.
Vurderingsformer
Eksamen er ein 6 timars skriftleg skuleeksamen (med einspråkleg tysk-tysk ordbok). Eksamen kan bli digital.
Hjelpemiddel til eksamen
Einspråkleg tysk-tysk ordbok
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum utgjer ca. 350 sider
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no