Kunnskap:
Studenten
har god kunnskap om moderne tyskspråklege forfattarar
har god kunnskap om fagterminologien og omgrepa som trengs for å skildre kjenneteikna til moderne tyskspråklege tekstar
Dugleik:
Studenten
kan skildre kva som skil moderne tekstar frå «eldre» tekstar språkleg, stilistisk og innhaldsmessig og analysere dei
har inngåande kunnskap om utvalte emne i tysk språk- og litteraturvitskap
har god kjennskap til den sentrale fagterminologien i desse emna
kan diskutere og formidle sentrale problemstillingar innan dei emna som blir handsama, både munnleg og skriftleg
Kompetanse:
Studenten
er i stand til på eiga hand å oppdatere og utvide kunnskapane sine om moderne tysk språk og tyskspråkleg litteratur
er skriveteknisk førebudd på å ta til på skrivinga av masteroppgåva
Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.
Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det skal skrivast fire kortare (ca. 300-500 ord kvar) øvingsoppgåver (to i litteratur og to i språk) og haldast to munnlege presentasjonar i tilknyting til undervisninga (ein i litteratur og ein i språk).
Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Arbeidskrava er gyldige i undervisningessemesteret og det følgjande semesteret.
Vurdering skjer på grunnlag av ein heimeeksamen og ein munnleg eksamen (ca. 30 min). Heimeeksamen skal skrivast på ei veke og vere på om lag 4000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste.
På heimeeksamenen vel ein mellom ei litteraturvitskapleg og ei språkvitskapleg problemstilling med høve til ei rettleiing.
Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort på heimeeksamen, og det kan òg stillast spørsmål til heimeeksamen og pensum.
Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeeksamen 50% og den munnlege eksamenen 50%.
Pensum består av
a) utvalte emne frå språk- og litteraturvitskap (til dømes utvalte grammatiske tema av generell karakter, emne frå tekst- og varietetslingvistikk, kontrastiv analyse, genrelære, tekstinterpretasjon/-analyse) på til saman ca. 250-300 sider og
b) litterære verk og kulturorienterte tekstar (til dømes essays, kulturreportasjar, film o.l.) med eit omfang på inntil 500 sider.
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no