Bachelorpgrogrammet i Digital kultur er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (Ex.phil. og Ex.fac.), 90 studiepoeng med spesialisering i Digital kultur og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.
Bachelorprogrammet i Digital kultur omhandlar sosiale, kulturelle, estetiske og etiske aspekt ved informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Studiet rettar spesiell merksemd mot digital kunst og kultur, og mot samspelet mellom kultur, samfunn og teknologi. Studiet legg vekt både på teoretiske, historiske og analytiske tilnærmingar og forståingar av digital kultur. I dette studiet er det viktig å byggje opp ei forståing ut frå eigne erfaringar, og mange av emna involverer praktisk arbeid i datalab knytt til webdesign, skriving på web og koding og strukturering av data.
Hovudmåla for bachelorprogrammet i Digital kultur er:
Bachelorprogrammet i Digital kultur skal gjere studentane i stand til å vurdere dei nemnde sidene ved informasjonssamfunnet på ein sjølvstendig og kritisk måte.
Ein kandidat med bachelorgrad i Digital kultur frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal:
Kandidaten skal kunne:
Kandidaten skal:
Kandidaten skal kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialiseringa og i dei valfrie emna i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Bachelorprogrammet i Digital kultur skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):
Tekst og kultur er tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.
Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i Digital kultur på 90 studiepoeng.
Følgjande emne utgjer fagtilbodet i Digital kultur på bachelornivå:
DIKULT100: Nettbasert kommunikasjon og publisering (5 stp)
DIKULT103: Digitale sjangrar: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspill (15 stp)
DIKULT104: Datateknologi: historie, teori og praksis (15 stp)
DIKULT105: Webdesign (15 stp)
DIKULT106: Kultur og normer i informasjonssamfunnet: identitet, kjønn og samhandling (15 stp)
DIKULT203: Elektronisk litteratur (15 stp)
DIKULT251: Kritiske innfallsvinklar til teknologi og samfunn med bacheloroppgåve (15 stp)
DIKULT250: Fordjuping i Digital kultur med bacheloroppgåve (15 stp)
Etter søknad og innpassing kan andre relevante emne inngå i spesialiseringa.
DIKULT250 og DIKULT251 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jfr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet. Normalt tar studentane berre eitt emne med bacheloroppgåve, altså anten DIKULT250 eller DIKULT251.
DIKULT100 (5 stp) gir ei grunnleggjande innføring i emne som vert utdjupa i DIKULT105, men kan også takast separat.
Studieløpet i bachelorprogrammet i Digital kultur kan til dømes sjå slik ut:
1. semester (haust):
Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 stp)
2. semester (vår):
DIKULT103: Digitale sjangrar: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspill (15 stp)
DIKULT104: Datateknologi: historie, teori og praksis (15 stp)
3. semester (haust):
DIKULT105: Webdesign (15 stp)
DIKULT106: Kultur og normer i informasjonssamfunnet: identitet, kjønn og samhandling (15 stp)
4. semester (vår):
Valemne (30 stp)
5. semester (haust):
DIKULT203: Elektronisk litteratur (15 stp)
og 15 valfrie studiepoeng
6. semester (vår):
DIKULT251: Kritiske innfallsvinklar til teknologi og samfunn med bacheloroppgåve (15 stp)
og 15 valfrie studiepoeng.
Generelt gjeld at før ein tar fatt på 200-nivået bør ein ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå og at det vil vere hensiktsmessig å ta DIKULT250 eller DIKULT251 (med obligatorisk bacheloroppgåve) i siste semester av bachelorprogrammet.
Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Dei kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtalar i heile verda, anten for å ta delar av spesialiseringa i Digital kultur eller for å ta valfrie emne i graden. Emna frå utlandet må godkjennast av Det humanistiske fakultet i forkant av utanlandsopphaldet.
Digital kultur har i tillegg spesialoppretta utvekslingsavtalar med føljande utanlandske institusjonar:
Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Ved sensur kan det blinytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.