Studieprogram: BAHF-HIKU Bachelorprogram i historie- og kulturfag - Vår 2011




Mål og innhald

Bachelorprogrammet i historie- og kulturfag er et fritt samansett program. Historie- og kulturfag omfattar historie, arkeologi, filosofi, kulturvitskap, religionsvitskap og humanistisk informatikk. Alle desse faga har som mål å forstå mennesket som sosialt og kulturskapande vesen - i historisk og samtidig perspektiv, og frå ulike innfallsvinklar. Innanfor programmet kan ein velja emne frå fleire historie- og kulturfag og/eller kombinera slike med emne frå andre fagområde.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Undervisning

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Fageining og spesialisering

Krav til bachelorgraden i historie- og kulturfag er ein spesialisering på 90 studiepoeng, der ein kan velje mellom spesialisering i historie, arkeologi, filosofi, kulturvitskap, religionsvitskap og humanistisk informatikk.

Obligatoriske aktivitetar

Sjå fagplanar for dei enkelte spesialiseringane for opplysningar om kva emne som er obligatoriske i kvar av dei.

Krav om rekkefølgje - emne

I første semester tar alle ex.phil. og ex.fac. Av dei valfrie ex.fac.-emna er tekst og kultur tilrådd.

Vurdering / Eksamensformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i historie- og kulturfag gir gode solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkesmessige samanhengar. Programmet gjer deg skikka til handsaming av store informasjonsmengder, og for munnleg og skriftleg presentasjon av ulikt slag. Dessutan blir du flink til å setja deg inn i nye problemfelt og til å sjå og analysera saker frå fleire sider. Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare studium, og for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Delstudium i utlandet

Studiar ved lærestader i utlandet kan inngå i programmet. Sjå her for info for utveksling innafor dette programmet. http://link.uib.no/?nzE3

Oppstart

Kvar haust.

Administrativt ansvarleg

Studieseksjonen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
studieveileder@ahkr.uib.no
Telefon 55 58 33 70