Studieprogram: BAHF-HIS Bachelorprogram i historie - Vår 2011




Undervisningsspråk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Historie handlar om fortida til menneske og samfunn, og legg til grunn at vi forstår nåtida betre om vi ser henne i lys av fortida. Historiefaget ved UiB famnar om studiar på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå frå antikken til i dag. Studiet tar for seg kulturell, sosial, politisk og økonomisk utvikling over tid, og innbyr til refleksjon omkring forandring og kontinuitet. Særleg retter studiet merksemda mot betydinga av kjønn, klasse, nasjonalitet og etnisitet. Til saman skal studiet fremja kunnskap om og forståing av viktige sider ved samfunnsutviklinga, både i og utanfor Noreg.

Studiet skal gi auka innsikt i at ikkje berre dei menneskelege samfunna men også vår forståing av fortida har endra seg. I tillegg vil studiet gi innsikt i ulike metodiske tilnærmingar til studiet av fortida og korleis metodane påverkar sjølve tolkinga av fortida. Studiet inneheld både oversikts- og fordjupingsdelar, slik at studentane kan kombinera innsikt i "dei store linjene" i historia med nærstudium av avgrensa problemfelt.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten vil ha god oversikt i norsk og internasjonal historie frå antikken til i dag. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild god innsikt i nokre sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar både i eldre historie (før 1750) og nyare historie. Studenten vil òg ha god kunnskap om sentrale kjelde- og metodespørsmål.

Ferdigheiter:

Studenten har ferdigheiter i å drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdering av historiske framstillingar. Studenten kan analysere historiske data, kjelder og litteratur, samt trekkje sjølvstendige konklusjonar basert på dette materialet.

Generell kompetanse:

Studenten vil ha erfaring med å handsame store informasjonsmengder, samt å formidle historisk kunnskap både munnleg og skriftleg. Studenten har kompetanse til å setja seg inn i nye problemfelt og å analysera saker frå fleire sider. Studenten har kompetanse i akademisk argumentasjonsteknikk og til å dokumentere skriftleg arbeid på ein vitskapleg måte.

Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i historie inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) Førstesemesterstudiet er sett saman av:

eller Språk og kommunikasjon

Tekst og kultur er tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne

Graden må innehalde ei historiespesialisering på 90 studiepoeng, seks historieemne a 15 studiepoeng: To oversiktsemne (HIS101 og HIS102), tre fordjupingsemne på 100- eller 200-nivå og HIS250 Bacheloroppgåve i historie. Oversiktsemna HIS101 og HIS102 saman med HIS250 Bacheloroppgåve i historie, er obligatoriske. HIS250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i historie har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studiet startar med innføringsemne i første semester (haust).

Dei to første semestra med historie er sett saman av eitt oversiktsemne (HIS101/ HIS102) og eitt fordjupingsemne på 100-nivå (HIS113/HIS114/HIS115/HIS116) per semester. I det tredje semesteret med historie tar ein eit fordjupingsemne på 200-nivå (HIS240/HIS260) kombinert med HIS250 (bacheloroppgåva).

Emna vert tilbydd slik:

Haust:

HIS101 Oversikt over eldre historie

HIS113 Fordjuping i eldre historie (mappevurdering)

HIS114 Fordjuping i eldre historie (skuleeksamen)

HIM102 Det moderne Midtausten 1880-2000 (skuleeksamen)

HIS240 Fordjuping i eldre historie (skuleeksamen)
HIM201 Fordjuping i Midtaustens historie (skuleeksamen)

Vår:

HIS102 Oversikt over nyare historie

HIS115 Fordjuping i nyare historie (mappevurdering)

HIS116 Fordjuping i nyare historie (skuleeksamen)

HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (skuleeksamen)

HIS111 USAs historie (skuleeksamen)

EUR103 Europa etter 1945: ressurser, demografi, økonomi (skuleeksamen)

HIM101 Oversikt over Midtaustens historie (skoleeksamen)

HIS260 Fordjuping i nyare historie (skuleeksamen)

Haust og vår:

HIS250 Bacheloroppgåve historie

Studenten avgjer sjølv om han/ho vil ta HIS250 i eldre historie (haustsemesteret) eller i nyare historie (vårsemesteret).

Fordjupingsemna tilbyr fleire tema. Sjå UiB og AHKR sine nettsider.

Ein kan etter søknad skifta ut eitt fordjupingsemne med eit emne på minst 15 studiepoeng frå eit anna fag.

Krav til progresjon i studiet

Instituttet tilrår at studentane har avlagt eksamen i oversiktsemna og fordjupingsemna på 100-nivå før dei tek eksamen i HIS250 Bacheloroppgåve i historie.

Studiestader

Delstudium i utlandet

Instituttet oppmodar til, og vil leggje til rette for, at studentane tar delar av bachelorutdanninga som utvekslingsstudent i eit anna land. Studentane kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning, oppgåvekommentering og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  1. A-F der F er stryk
  2. greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no