Studieprogram: BAHF-JAP Bachelorprogram i japansk - Høst 2011




Mål og innhald

Japan er i dag ei økonomisk og politisk stormakt som ikkje berre spelar ei viktig rolle i sin eigen region, Aust-Asia, men òg i ein global samanheng. Japansk kultur, historie og samfunn har gitt opphav til mange uttrykk som er blitt ein del av omgrepsverda vår, frå haiku, zen og karate, til sushi, manga og karaoke. Men framleis er japansk kultur på mange måtar svært ulik vår eigen. Gjennom studiet av japansk møter studenten ei ny og fascinerande verd, der kjente element går inn i ein framandkulturell kontekst.

Som tale- og skriftspråk for 126 millionar menneske er japansk det 9. mest talte språket i verda, og det dannar ein naturleg innfallsport til ein kultur der gamalt og nytt lever side om side. Store mengder ny informasjon kan verta tilgjengeleg for dei som lærer å kjenna japansk språk og kultur. Det kulturelle utbytet vil vera vesentleg. Japansk skil seg frå vestlege språk på viktige punkt, og det er både utfordrande og spennande å få innsikt i dette skriftspråket som nyttar to stavingssystem og kinesiske skriftteikn. Det blir òg lagt vekt på praktisk meistring av moderne japansk språk, der studenten får intensiv trening i å snakka, forstå, lesa og skriva japansk. Studenten får elles grunnleggjande kunnskapar om historie, samfunnstilhøve og kultur, ei oversikt over Japan si litteraturhistorie, og moglegheit for fordjuping i eit japanskrelatert tema.

Læringsutbyte

Hovudvekta i studiet vert lagd på språktileigning og språkforståing. Japansk er eit tidkrevjande språk å læra i høve til nære europeiske språk, ikkje minst grunna skriftsystemet. Det er derfor viktig å ha eit realistisk bilete av oppnåeleg språknivå. Etter eit års studium skal studentane vera i stand til å halda enkle samtalar om avgrensa tema og skriva enkle stilar ved hjelp av ordbok. Etter to år opplever mange at dei har et stort passivt vokabular og teiknforråd, men at dei framleis ikkje meistrar alminneleg konversasjon. Vi oppmodar difor studentane til å nytta seg av UiB sine utvekslingsmoglegheitar i løpet av studiet, for å få den rette balansen mellom teoretiske og praktiske språkkunnskapar.

Den historiske og kulturelle konteksten til språket blir tatt hand om av ikkje-språklege emne. Forutan tileigning av solide kunnskapar om og innsyn i ulike sider ved det japanske samfunnet, vil det òg verta gitt oppøving i kritisk lesing av japanskrelaterte tekstar og forståing for ulike faglege tilnærmingar til Japan. Skjønnlitteratur og litteraturhistorie finst ikkje som eigne emne ved faget, men er fletta inn i dei språklege emna det siste semesteret.

Studenten kan nytta sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i japansk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) og er sett saman av:

Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalda meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne

Bachelorprogrammet i japansk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalda inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.), og 90 studiepoeng med spesialisering i japansk. Dei siste 60 studiepoenga er frie.

Studiet startar med innføringsemna i det første semesteret, følgt av emna JAP101, JAP102, JAP103, JAP104, JAP220 og JAP250 som alle er obligatoriske emne.

JAP250 tilfredsstillar gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultetet.

Me gjer merksam på at studentar som vert tekne opp på bachelorprogrammet i partalsår må ta til med innføringsemna i første semesteret, og så gå i gang med valfrie emne i andre og tredje semesteret, då japansk har oppstart annankvar vår, sjå alternativ utdanningsplan.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i japansk inneheld 60 frie studiepoeng. Studenten kan velja emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Instituttet vil likevel tilrå JAP230 og JAP240.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studiet startar med innføringsemna i det første semesteret etterfølgt av JAP101, JAP102, JAP103, JAP104, JAP220, JAP250 i gitt rekkjefølgje.

Studentar kan sjølv velja om dei vil følgja det tilrådde løpet eller om dei vil byta om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vera merksam på at japanskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i japansk før ein tar fatt på 200-nivå.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Delstudium i utlandet

Det blir sterkt tilrådd at studentane i løpet av studiet har eit opphald i Japan. Me kan gi tilbod om eit studieopphald på eit japansk universitet, helst i løpet av det tredje semesteret i japansk spesialisering. Søkjarar til studieopphald i Japan vil bli valde ut på bakgrunn av faglege kvalifikasjonar. Me gjer merksam på at det japanske studieåret byrjar 1. april. Kontakt studierettleiar eller faglærar for nærare informasjon.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar/gruppeundervisning, lydlab/videoframvising. Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, til dømes skuleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. I tillegg skriv dei ei bacheloroppgåve. Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmetkan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Evaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.