Studieprogram: BAHF-LATAM Bachelorprogram i latinamerikastudier - Vår 2011




Mål og innhald

Studieprogrammet er utvikla som eit samarbeid mellom fleire fag, i fyrste rekkje språkfaget spansk språk og latinamerikastudier og samfunnsfaga geografi, samanliknande politikk og sosialantropologi. Studiet skal i tillegg til grunnleggjande kunnskap i spansk språk gje studentane innsikt i kultur, natur og samfunnstilhøve som gjeld store deler av landområdet på det amerikanske kontinentet frå Río Bravo/Río Grande i nord til Eldlandet og Kapp Horn i sør. Studieprogrammet opnar for kombinasjonar av fag og emne som latinamerikansk politikk, historie, religion, litteratur med meir og gjev høve til fordjuping innanfor fire spesialiseringsfag. Eitt semesters studieopphald ved eit latinamerikansk universitet er ein integrert del av studieprogrammet.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompentanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskaper

Studentane treng kunnskapar i spansk på nivå med toårig B-språk eller treårig C-språk frå vidaregåande skule for å klare å ta spanskemna i andre semester av studieprogrammet.

I tillegg til norsk er gode engelskkunnskapar ein fordel, då noko av undervisninga i nokre av dei involverte faga kan bli gitt på engelsk.

Undervisning

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; forelesningar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Fageining og spesialisering

Du kan spesialisere deg i følgjande fag:

- spansk språk og latinamerikakunnskap er eit språkstudium som tenderer mot eit områdestudium. I tillegg til utvikling av evner og innsikt i moderne spansk språk, skal studentane òg vinne kunnskap om historie, litteratur, kultur og samfunn i dei spansktalande landa i Latin-Amerika. Spesialisering i spansk språk og latinamerikastudier i dette programmet skal innehalde emna SPLA101, SPLA102, SPLA103, SPLA104, og to av dei tre emna SPLA201/251, SPLA202/252 og SPLA203/253.

- samanliknande politikk utgjer det systematiske studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosessar og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt. Spesialiseringa i samanliknande politikk for dette programmet skal innehalde emna MET102, SAMPOL115, SAMPOL110, SAMPOL255 og SAMPOL220.

- sosialantropologi skal formidle forståing for sosial og kulturell variasjon, og gi teoretiske reiskapar for å analysere og samanlikne sosiale og kulturelle institusjonar og prosessar verda over. Studiet tar opp emne som sosial ulikskap, politikk og vald, økonomi, globalisering, kjønns- og slektskapsrelasjonar, økologi, religion, nasjonalisme, etnisitet og identitet, materialitet og meining, rom og stad. Spesialiseringa i sosialantropologi for dette programmet skal innehalde emna SANT101, SANT117, tre av emna SANT111-116, fire av emna SANT201-208, samt SANT250.

- geografi er i seg sjølv tverrfagleg og femner om både samfunnsgeografi - om korleis menneskeskapte tilhøve kjem til uttrykk i forskjellige romlege former i samfunnet; naturgeografi - om korleis ulike prosessar har forma og formar landskapet; og miljøgeografi i skjeringa mellom dei to - om samspelet mellom natur og samfunn. Det dreier seg om mangfald, variasjon og samspel, og tek omsyn til både naturgitte og menneskeskapte faktorar som verker inn på vår kvardag og den i Latin-Amerika. Spesialiseringa i geografi for dette programmet skal innehalde emna GEO231, GEO131, GEO115, GEO250, eit av emna GEO204, og GEO206, og val blant emna GEO123, GEO281, GEO121, GEO111, GEO221, GEO282 og GEO291 eller GEO292.

Obligatoriske aktivitetar

Det kan vere knytt obligatoriske aktivitetar til enkelte fagemne. Dette er i tilfelle opplyst i studieplanane for dei enkelte fagemna.

Emna SPLA101 og SPLA104 er obligatoriske fellesemne i programmet. Det same er Examen philosophicum, Samfunnsvitskaplege tenkemåtar og Akademisk skriving.

Krav om rekkefølgje - emne

Første semester består av EX.PHIL: Examen philosophicum, EXFAC00AS: Akademisk skriving og det samfunnsvitskaplege innføringsemnet SV100: Samfunnsvitskaplege tenkemåtar, eller eit av dei fagspesifikke innføringsemna frå SV-fakultetet.

I andre semester tar alle studentane emne innan spansk språk og latinamerikakunnskap, nærare bestemt, SPLA101: Spansk språk I og SPLA104: Kultur og samfunn i Latin-Amerika.

I tredje semester vèl studentane kva for ei spesialisering dei vil ta. Dei som vil ta spesialisering i spansk språk og latinamerikastudiar, held fram med spansk. Dei som vil ta spesialisering i samanliknande politikk, geografi eller sosialantropologi tar fatt på desse faga i tredje semester.

I fjerde semester tar dei med spesialisering i spansk innvalde emne frå andre fag, såkalla frie studiepoeng. Dei som tar spesialisering i samanliknande politikk, geografi eller sosialantropologi held fram med dette i fjerde semester.

I femte semester blir studentane oppmoda om å ta eit studieopphald ved ein utanlandsk lærestad, først og fremst ved latinamerikanske samarbeidsinstitusjonar. Under utvekslingsopphaldet skal studentane helst velje kurs med klår relevans for latinamerikaprogrammet.

I sjette semester tar studentane 200-nivå i spesialiseringsfaget og skriv bacheloroppgåve om eit tema knytt til Latin-Amerika.

Vurdering / Eksamensformer

Gjennom programmet kan studentane bli prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. For nærare opplysningar, sjå studieplanane for dei enkelte fagemna.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i Latinamerikastudiar har som mål å utdanne studentar til ulike yrke der kunnskap om Latin-Amerika er etterspurd. Framtidige yrkesvegar vil variere etter kva fagkombinasjonar du vél og kva for ein praksis du eventuelt opparbeider deg i tillegg til universitetsutdanninga, men aktuelle retningar vil til dømes vere arbeid i internasjonale organisasjonar, offentlege organ, media og informasjonsbransjen, næringsliv med verksemd i, eller retta mot, Latin-Amerika. For dei fleste som vil vidare innanfor desse yrkesvegane, vil utdanninga truleg vere ein del av ei lengre skolering, der ein til dømes også tar mastergrad.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for dei som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har fleire utvekslingsavtalar i Latin-Amerika, og opphald ved eit latinamerikansk universitet blir spesielt tilrådd i bachelorprogrammet i Latinamerikastudiar. Det er lagt til rette for utveksling i 5. semester av programmet. Val av kurs bør gjerast i samråd med studierettleiar og gjerne faglærar. Mer informasjon: http://link.uib.no/?nCiC

Oppstart

Kvar haust.

Programansvarleg

Jon Askeland, Institut for fremmedspråk

Administrativt ansvarleg

Ingunn Voster, Institutt for fremmedspråk