Studieprogram: BAHF-MØST Bachelorprogram i midtøstenkunnskap - Høst 2011




Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Mål og innhald

Å gi innsikt i historie, politikk, religion, kultur og samfunnsforhold i Midtausten og den islamske verda. Studiet gir kunnskap både om Midtausten som geografisk region frå tidlege tider fram til i dag, og om den store kulturkretsen vi kallar "den muslimske verda" - frå vest i Afrika til aust i Asia. Programmet gir innsikt i den rolla islam spelar i denne verda, men også i andre samfunnsforhold av i dag, og viser banda til tida før islam.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse. Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Undervisning

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Obligatoriske aktivitetar

I løpet av studiet skal studenten ta HIM101 "Oversikt over Midtaustens historie", MKU101 "Midtaustens kultur, religion og samfunn. Dei lange linjene", ARA101 "Innføring i moderne standard arabisk" og MKU250 "Semesteroppgåve i Midtaustenemne". Sjå elles fagplanar for dei enkelte spesialiseringane for opplysningar om kva emne som er obligatoriske i kvar av dei. Frie studiepoeng nyttas innanfor programfaga. Om studenten ynskjer andre fageiningar inn i graden, må dei søkje programstyret. 15 studiepoeng kan nyttast heilt fritt.

Krav om rekkefølgje - emne

I første semester tar alle exphil. og exfac. Førstesemesterstudiet ved HF-fakultetet vert anbefalt. Av dei to exfac.-emna er Akademisk skriving EXFAC00AS obligatorisk.

Vurdering / Eksamensformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.

Yrkesvegar

Programmet vil kvalifisere til ulike yrke der kunnskap om Midtausten er etterspurt. Yrkesmuligheitene vil variere ut frå kva fordjupingar og emnekombinasjonar studentane vel, men vil kunne omfatte massemedium, næringsliv, offentlege organ, internasjonale hjelpeorganisasjonar og undervisning.

Delstudium i utlandet

Studiar ved lærestader i utlandet kan inngå i programmet. Vi anbefaler at studentar reiser ut i 5. semester.

Oppstart

Haust.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Det Humanistiske Fakultet, ved post doktor Nils Anfinset.

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, ved studiekonsulent Torunn G. Saunes. E-post: Torunn.Saunes@ahkr.uib.no, tlf: 55 58 30 29.