Studieprogrammet gir kunnskap om religion som eit globalt fenomen. Målet med studiet er å kunne forstå og analysere religion som meiningsberande og identitetsdannande system. Innhaldsmessig fokuserer studiet på religiøst mangfald fortid og notid. Det gir kunnskap om religion i sine mange utformingar, som varierer med tid og stad, men også inneheld fellestrekk. Tilnærminga er samanliknande og religiøst sett nøytral. Studenten vert kjend med ulike metodar og teoriar som vert tatt i bruk i aktuell religionsforsking. Studiet set søkelys på religion som ein dynamisk kraft i samspel med blant anna etikk, kjønn, økonomi, politikk, populærkultur og migrasjon.
Kunnskapar
Ferdigheiter
Generell kompetanse
Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Bachelorprogrammet i religionsvitskap inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) Førstesemesterstudiet er sett saman av:
eller Språk og kommunikasjon
Tekst og kultur er tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Studiet startar med innføringsemne i første semester (haust).
Fagemna vert tilbydd slik:
Vår:
RELV101 Innføring i religionsvitskap*
RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion
RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±
RELV207 Religion, pluralitet og lokalitet i India+
RELV221 Nyreligiøsitet
RELV224 Hinduisme
RELV227 Religion og menneskerettar
RELVI250 Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap*
Haust:
RELV102 Jødedom, kristendom, islam*
RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar*
RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±
RELV207 Religion, pluralitet og lokalitet i India+
RELV208 Sami religion
RELV222 Religionar i antikken
RELV223 Buddhisme og jainisme (frå hausten 2011)
RELV225 Islam
RELV226 Norsk kristendom
RELV228 Religion and politics I
RELV229 Religion and politics II
* = obligatorisk emne
+ = emnet vert undervist i India
± = Det vert tilbydd fleire fordjupingsemne under RELV202/202SEM; sjå UiB og AHKR sine nettsider for oppdatert oversikt .
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
RELV101 bør tas i det første semesteret med religionsstudium. RELVI250 legg til grunn at studenten har tatt minst 45 studiepoeng (= 3 emne) i religionsvitskap.
Instituttet oppmodar til, og vil leggje til rette for, at studentane tar delar av bachelorutdanninga som utvekslingsstudent i eit anna land. Studentane kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Det vert tilrådd at studentane legg eit utvekslingsopphald til 3., 4. eller 5. semester.
Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.
Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
studierettleiar@ahkr.uib.no