Studieprogram: BAHF-SPRAK Bachelorprogram i språk - Vår 2011




Mål og innhald

Bachelorprogrammet i språk er eit fritt samansett program. Spesialiseringsfaga i programmet har som mål å gje kunnskap om språk, praktisk dugleik i språk, samt innsikt i kultur- og samfunnstilhøve i dei aktuelle språkområda. Innanfor programmet kan ein velja fleire språkfag, eller kombinera språk med emne frå andre fagområde.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Undervisning

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Fageining og spesialisering

Krav til bachelorgraden i språk er ei spesialisering på 90 studiepoeng, der ein kan velje mellom spesialisering i nordisk, norsk som andrespråk, engelsk, fransk, spansk språk og latinamerikastudiar, tysk, russisk, arabisk, italiensk, japansk, lingvistikk, datalingvistikk, gresk, latin og norrøn filologi.

Obligatoriske aktivitetar

Sjå fagplanar for dei enkelte spesialiseringane for opplysningar om kva emne som er obligatoriske i kvar av dei.

Krav om rekkefølgje - emne

I første semester tar alle ex.phil. og ex.fac. Av dei valfrie ex.fac.-emna er språk og språkvitskap tilrådd.

Vurdering / Eksamensformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i språk gir gode solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkesmessige samanhengar. Programmet gjer deg skikka til handsaming av store informasjonsmengder, og for munnleg og skriftleg presentasjon av ulikt slag. Dessutan blir du flink til å setja deg inn i nye problemfelt og til å sjå og analysera saker frå fleire sider. Tradisjonelt har skulen vore ein viktig arbeidsplass for personar med språkfag i emnekrinsen sin. Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare studium, og for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Delstudium i utlandet

Studiar ved lærestader i utlandet kan inngå i programmet.

Oppstart

Kvar haust.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk, e-post studierettleiar@if.uib.no.