Studieprogram: BATF-HEFR Bachelorprogram i folkehelse og helsefremmende arbeid - Høst 2011
Mål og innhald
Bachelor i helsefremjande arbeid skal gje studentane kvalifikasjonar innan folkehelsearbeid, særskild helsefremjande og førebyggjande arbeid. Studentane skal tileigne seg oversyn over helsetilstanden i befolkninga på viktige område som fysisk og psykisk helse, samt risikofaktorar og ressursfaktorar for helse. Studiet rettar fokus mot samfunn og individ, lovgjevnad, økonomi og kva dette har å seie for helse og sjukdom hjå menneske. Studentene skal vidare vere i stand til å vurdere verkemiddel i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet, og ha innsyn i utvikling og evaluering av ulike tiltak.
Graden er eit samarbeidsprosjekt mellom Det psykologiske fakultet, Det samfunnsvitskaplige fakultet, Det historisk-filosofiske fakultet og Det medisinske fakultet. Avdeling for utdanning og helse ved Det psykologiske fakultet har koordineringsansvar for graden.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: http://www.samordnaopptak.no/info/
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i helsefremjande arbeid.
Opptaksgrunnlag
For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i helsefremjande arbeid, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse. Ut over dette er der ingen særskilde krav til forkunnskapar.
Undervisning
I undervisninga vert det nytta varierte læringsformer som førelesingar, gruppearbeid, seminar og sjølvstendige skriftlege arbeid. Einskilde emne vil nytte "Problembasert Læring" (PBL) som læringsform. Det vert lagt opp til aktiv studentdeltaking i undervisninga i form av diskusjon og framlegg av eige og grupper sitt arbeid.
Oppbygging av studiet
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 105 studiepoeng med spesialisering innanfor helsefremjande arbeid. Alle, eller delar av dei siste 45 studiepoenga, kan veljast frå andre fag.
Studiet er bygd opp av, og gir deg innsikt i følgjande fag:
- Førstesemesterstudiet er ei grunnleggjande innføring som består av tre emne: 1) ex.phil., 2) ex.fac. og 3) innføring i psykologi.
- Psykologiske forskingsmetodar gir ei innføring i metode, og det tar for seg både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar.
- Helsefremjande arbeid og helsepsykologi vil gi ei introduksjon og framheve nokre av dei tverrfaglege utfordringane innanfor feltet helsefremjande arbeid. Vidare vil emnet gi ei innføring i helsepsykologi.
- Folkehelse, epidemiologi og offentleg helsepolitikk set fokus på ulike forvaltningsnivå, utviklinga av helsetenesta og kva for ideologiske, politiske og lovmessige føringar som set rammer for åtferd og tiltaksarbeid.
- Emne innanfor fagområdet administrasjons- og organisasjonsvitskap.
- Offentleg helsepolitikk og folkelege sjukdomsoppfatningar i kulturelt og historisk perspektiv vil setje helsefremjande arbeid inn i ein vidare historisk og kulturell samanheng
- Utvikling og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak vil leggje vekt på utvikling av kunnskap omkring metodar som måler effekt av tiltak. Målet er å betre forstå implementering, effekt av og mekanismar i tiltak.
- Bacheloroppgåva skal gi ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid blir bygd opp. Studentane skal utvikle ei vitskapleg tilnærming til eit større skrifteleg arbeid. Vidare er oppgåva ein god mogeligheit til å gå i djupet på eit relevant tema
- Blant valfrie emne kan du velje så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi tilrår fag innan samfunnsvitskap, økonomi, humaniora, psykologi og helsefag.
Innføringsemne
Førstesemesterstudiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt og om fagspesifikk historie og vitskapsteori. Førstesemesterstudiet utgjer 30 studiepoeng og er satt saman av:
- Ex.phil. (10 sp) gir eit overordna filosofisk perspektiv. Gjennom undervisning og pensumlesing får du ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenking.
- EXFAC03P: Examen facultatum, psykologi (10 sp) tek for seg faget sitt teoretiske og metodiske fundament.
- POH100: Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid.
Etter søknad kan emna erstattast av tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.
Fageining og spesialisering
Spesialiseringa utgjer 90 studiepoeng og er satt saman av:
- PSYK202A: Psykologiske forskingsmetodar A (15 sp) gir ei innføring i metode, og det tek føre seg både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar. (Dei som har PSYK102 frå før tek PSYK202B).
- HEMB110: Folkehelse og helsefremjande arbeid (15 sp) vil gje ei introduksjon og trekkja fram nokre av dei tverrfaglege utfordringane innanfor feltet helsefremjande arbeid.
- ECON221: Helseøkonomi (10 sp). Emnet høyrer til SV-fakultetet.
- HEMB201: Litteratursøk og litteratursyntese (5 sp)
- HEMB111: Historiske og kulturelle perspektiv på helse (15 sp) vil setje helsefremjande arbeid inn i ein vidare historisk og kulturell samanheng. Emnet høyrer til HF-fakultetet.
- HEMB210: Settinger og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak (15 sp) vil leggje vekt på utvikling av kunnskap omkring metodar som måler effekt av tiltak. Målet er å betre forstå implementering, effekt av og mekanismar i tiltak.
- HEMB200: Bacheloroppgåve i helsefremjande arbeid (15 sp) skal gje ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. Studentane skal utvikle ei vitskapleg tilnærming til eit større skriftleg arbeid. Vidare er oppgåva ein god moglegheit til å gå i djupet på eit relevant tema
- I dei valfrie emna kan du velje nesten alle fag på høgskule- og universitetsnivå. Vi tilrår fag innan samfunnsvitskap, økonomi, humaniora, psykologi og helsefag.
Alle emna som går inn i spesialiseringa er obligatorisk for graden. PSYK202A kan etter søknad erstattast med tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.
Tilrådde valemne
Valfrie emne utgjer dei siste 60 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlapper med det som er obligatorisk i graden. Studentane kan her få innpass for tidligare godkjend høgare utdanning eller ta godkjende emne på høgare utdanning i utlandet.
Krav om rekkefølgje - emne
Ingen, men det tilrås at ein følgjer planforslaget.
Vurdering / Eksamensformer
I samband med kvart einskilde emne vert det gitt skriftlege oppgåver eller eksamenar. Ved godkjenning av emne er deltaking i øvingar, presentasjonar og aktivitetar som kursleiaren fastsett ein føresetnad.
Yrkesvegar
Utdanninga opnar for yrkesmoglegheiter i helseforvaltninga og frivillige organisasjonar. Studiet vil også gje kompetanse for tilsetjing innan skule og anna arbeidsliv der kunnskapar om folkehelse og helsefremjande arbeid er etterspurd.
Vidare studium:
Studiet vil gje grunnlag for opptak til den internasjonale "Master of Philosophy in health promotion" utdanninga og Masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid/helsepsykologi ved Det psykologiske fakultet. Det arbeidast aktivt med å leggje til rette for at studiet skal kunne kvalifisere til andre masterstudium ved dei samarbeidande fakultetane.
Læremiddelomtale
Ressursliste med anbefalt litteratur vil bli gitt til kvart emne.
Delstudium i utlandet
Studentane oppmodast til å ta to eller fleire emne à 15 studiepoeng ved utlandske universitet. Desse vil erstatte nokre av dei valfrie emna. Avdeling for utdanning og helse har samarbeid med universitet i Europa som tilbyr Bachelorutdanning i helsefremjande arbeid og kan hjelpe med utvekslingsopphald her. Utanom desse vil studentutvekslingsdelen innan ERASMUS-, NORDPLUS- og SOKRATES-programma vere aktuelle.
Planforslag
1. semester:
- Examen philosophicum (10 sp)
- EXFAC03P: Examen facultatum (10 sp)
- POH100: Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid (10 sp)
2. semester:
- HEMB100: Helsefremjande arbeid og .helsepsykologi (15 sp)
- PSYK202A: Psykologiske forskingsmetodar A (15 sp) (eller PSYK202B for dei som har PSYK102 frå før)
3. semester:
- HEMB101: Folkehelse, epidemiologi og offentleg helsepolitikk (15 sp)
- ECON221: Helseøkonomi (10 sp) - SV-fakultetet
- HEMB201: Litteratursøk og litteratursyntese (5 sp)
4. semester:
- HEMB202: Utvikling og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak (15 sp)
- HEMB111: Historiske og kulturelle perspektiv på helse (15 sp) - HF-fakultetet
5. semester:
6. semester:
- HEMB200 Bacheloroppgåve i helsefremjande arbeid (15 sp)
- Valfrie emne (15 sp)
Meir informasjon
Studiet vil gje grunnlag for opptak til den internasjonale «Master of Philosophy in health promotion» utdanninga og Masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid/helsepsykologi ved Det psykologiske fakultet. Det arbeidast aktivt med å leggje til rette for at studiet skal kunne kvalifisere til andre masterstudium ved dei samarbeidande fakulteta.