Masterprogrammet i datalingvistikk og språkteknologi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng med spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi, eller tilsvarande. Viss ein har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i datalingvistikk og språkteknologi på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.
Forskingsmetodane omfattar blant anna bygging og empirisk etterprøving av språkmodellar, både regelbaserte (f.eks. datamaskinelle grammatikkar) og statistiske. Aktuelle metodar i etterprøvinga er oppbygging og bruk av tekstkorpus, samt psykolingvistiske metodar for etterprøving mot språk-brukarar og maskinlæringsmetodar.
Masteroppgåva skal vere eit vitskapleg arbeid innanfor eit datalingvistisk eller språkteknologisk emne, for eksempel maskinomsetjing, tekstkorpus, datamaskinelle grammatikkar eller datamodellar av menneskelege språkprosessar. Oppgåva kan kombinere teoretiske og teknologiutviklande perspektiv. Ho kan også gjennomførast ved eit anna forskingssenter eller ei forskings-basert bedrift. Ei typisk oppgåve utforskar ei språkteknologisk problemstilling ved å skrive og teste eit dataprogram som handsamar språk. Det blir stilt krav om godt originalarbeid på datamaskin, til vitskapleg metode og til den vitskaplege framstillinga. Emnet for oppgåva blir valt i samråd med rettleiaren innanfor dei totale rammene til faget og ut frå eigne interesser og dugleik. Det er elles høve til å la rettleiaransvaret bli delt på meir enn ein person. Studenten kan òg knyte oppgåva til eit eksisterande forskingsprosjekt ved UiB eller andre forskingsstader.
Masterprogrammet i datalingvistikk og språkteknologi består av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
Eit masterprogram i datalingvistikk og språkteknologi kan sjå slik ut:
1. semester:
DASP303 - Datalingvistisk modellering 15 sp
DASP304 - Språkteknologisk bruksområde 15 sp
2. semester:
DASP302 - Statistisk metode 10 sp
DASP307 - Språkvitskapleg skriving for master- og PhD-studentar 5 sp
LINGMET - Vitskapsteori og metode for språklege mastergradar 15 sp
3. og 4. semester:
DASP350 - Masteroppgåve 60 sp
sp = studiepoeng
Studiet omfattar følgjande seks emne:
LINGMET - Vitskapsteori og metode for språklegemastergradar
DASP302 Statistisk metode
DASP303 Datalingvistisk modellering
DASP304 Språkteknologiske bruksområde
DASP307 - Språkvitskapleg skriving formaster- og PhD-studentar
DASP350 Mastergradsoppgåve
Mastergraden kvalifiserer mellom anna for vidare datalingvistisk grunnforsking, språkteknologisk utviklingsarbeid og undervisning og formidling innanfor desse felta.
Studentar som er tekne opp til masterstudiet, må underskrive ein rettleiingskontrakt. Studiet skal normalt ta fire semester og blir rekna som 120 stp. Dei ulike emna kan takast i kva for rekkjefølgje som helst. Ein kan ta til både i vår- og haustsemesteret. Masterstudiet inneheld ein viss valfridom som tillet studenten å orientere seg noko meir i teoretisk eller teknologisk retning, og gjev moglegheit for å inkludere ulike tverrfaglege perspektiv.
studere.uib.no/ikt
studierettleiar@lle.uib.no / 55 58 23 95